Færre elevar blir mobba

6 prosent av norske elevar svarer at dei vart mobba i fjor. Det er den lågaste delen på 13 år, viser Elevundersøkinga.
Innenriks

Det er likevel berre ein liten nedgang frå 2018. Då sa 6,1 prosent av elevane at dei vart mobba.

– Det er det ingen grunn til å slå seg på brystet over. Mobbetala er framleis alvorlege og uakseptable. Ingen barn skal måtte gå på skulen med klump i magen, med visse om at dei aldri kan føle seg heilt trygge, seier direktør Kristin Oudmayer for rettar og berekraft for barn i UNICEF Noreg.

Både medelevar og vaksne står bak mobbinga som blir rapportert. I tillegg opplevde fleire digital mobbing av nokon på skulen. 3,6 prosent svarer at andre elevar står bak mobbinga.

– At det er så liten nedgang i mobbinga i skulen, er dramatisk for elevane og viser at den nye statsråden har ein kjempejobb føre seg, seier utdanningspolitisk talsperson Torstein Tvedt Solberg i Arbeidarpartiet.

Mobbeombod

Femteklassingar rapporterer mest mobbing. 8,5 prosent av jentene og 9,5 prosent av gutane på trinnet seier at dei vart mobba i fjor. Delen som blir mobba, går ned med alder og årstrinn.

Vidare nemner 36,1 prosent av dei som opplevde mobbing, at ingen vaksne visste kva som skjedde.

– Når barn og unge har det vanskeleg, treng dei fortrulege vaksne. Sjølv for dei som ikkje greier å opne seg, kan det bli opplevt som svært verdifullt å vite at det finst vaksne å snakke med, seier Oudmayer.

– Utviklinga går rett veg, men éi mobbesak er éi for mykje. Alle barn har rett til å ha ein trygg og god skulekvardag. Derfor må vi halde fram kampen mot mobbing, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V).

Regjeringa har tatt mange grep for å kjempe mot mobbinga i skulen. Eitt av tiltaka er at alle fylke fekk mobbeombod i 2018. Året før vart det opna for at elevar og foreldre kunne klage til Fylkesmannen dersom dei meinte at skulen ikkje handterte mobbesaker godt nok.

Over 700 saker i fjor haust

Heile 731 mobbesaker vart melde inn til fylkesmennene hausten 2019. Det er litt færre enn første halvdel av året.

Tvedt Solberg oppmodar kunnskapsministeren til å ta tak og innføre beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar, og setje av meir pengar til miljøarbeidarar på skular med særlege læringsmiljøutfordringar.

Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking for elevar frå femteklasse til siste år på vidaregåande. 451.184 elevar svarte på undersøkinga i fjor haust. Det er det høgaste talet som nokosinne har svart på undersøkinga.

(©NPK)