Hareide inviterer fylkeskommunane til ferjedialog

Fleire stader langs kysten er folk rasande over auka ferjeprisar. Den ferske samferdselsministeren, Knut Arild Hareide (KrF), seier han høyrer protestane.
Innenriks

Fleire medieoppslag dei siste vekene har fortalt at dagpendlarar og familiar som er avhengige av ferjetilbod, risikerer mange tusen kroner i ekstrautgifter på grunn av auka takstar etter nyttår. I Nordland, Møre og Romsdal og Hordaland har det vore protestar mot prishoppet, og Nordland droppa nyleg auken.

– Det er ikkje tvil om at eg er sterkt bekymra for dei prisane eg ser no. Den bekymringa delar eg med fylkespolitikarane og fylka som er sterkt råka. Eg vil med den nye distriktsministeren vår gå i dialog med fylka, seier Knut Arild Hareide til VG.

Han viser til at det er fylka som bestemmer prisane og ikkje regjeringa, men han håper dialogen vil føre fram.

Krev Autopass-gjennomgang

Ved innføringa av Autopass reiser passasjerar gratis, men bilane blir gitt ein 30 prosent høgare billettpris. Ein gjennomgang som VG har gjort, viser at billettprisen for ein personbil har stige mellom 25 og 59 prosent frå 2015 til 2020 langs kysten mellom Nordland og Rogaland.

Ferjependlarar i Sunnhordland ber samferdselsministeren hugse kvar han kjem frå, skriv Bergens Tidende.

– Dette er ordninga frå staten. Vi har bedt dei om å vurdere Autopass-ordninga, og det vil vi halde fram med å presse på for, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland til BT.

Høgre i Vestland meiner fylkeskommune sjølv må evaluere Autopass-ordninga på ferjene. Fylkesordførar Askeland støttar ikkje forslaget og meiner det er staten ved Hareide og ikkje fylket som må ta ansvaret for å evaluere om ordninga fungerer som ho skal.

– Han bør sjå på heile billettprissystemet på ferjene. Det er ei ulempe for folk i distrikta, seier Askeland.

Store klimarekningar

Det er 130 ferjesamband i Noreg, og innan 2022 kan det vere over 70 ferjer med batteri. Men det kostar, og fleire fylkeskommunar slit med store rekningar etter elektrifiseringa av ferjene langs kysten.

Senterpartiet meiner regjeringa må betale for meirkostnaden ved klimaomstilling. Hareide seier til VG at fylkeskommunane har fått store summar, og at det ikkje er nokon rask løysing på problemet.

– Det som er viktig er at vi framleis kan få tatt miljø- og klimavennlege investeringar, og der har mange av fylka tatt eit stort løft. Det kan ikkje vere sånn at vi ikkje får tatt den typen klimaløft, så vi må finne løysingar her, seier Hareide til VG.

Ap krev umiddelbart grep

Arbeidarpartiet meiner at regjeringa allereie i revidert nasjonalbudsjett til våren må løyve ekstra pengar for å få ned prisen på ferjebillettar.

– Ved å sende straumrekninga for elektrifisering av ferjene direkte til kystbefolkninga skaper ein berre motstand mot den viktige kampen mot klimaendringane, sa Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran til NTB torsdag.

Statsminister Erna Solberg (H) svarte då at ho har stor forståing for at folk opplever dei høge ferjeprisane som urimelege.

– Men det er altså Ap og Sp som styrer alle av dei fylka som no har trøbbel. Det er dei som har valt å setje opp prisen, sa ho.


(©NPK)