Klimaforlik er ikkje noko mål for klimaministeren

Både Høgre og opposisjonen vil ha eit nytt klimaforlik for å nå måla om utsleppskutt innan 2030. Klimaministeren nøyer seg med fleirtal.
Innenriks

– Målet er å kutte klimagassutslepp. Jo fleire som vil vere med på det, desto betre. Men det viktigaste er fleirtal, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til NTB.

Han har fått servert rapporten Klimakur 2030, med vurderingar av 60 tiltak som kan kutte halvparten av utsleppa innanfor sektorane transport, sjøfart, landbruk og avfall.

Rotevatn sender rapporten på ein høyringsrunde som vil vare «ein del månader». Så skal regjeringa snikre ein klimaplan, som statsråden lovar Stortinget innan utgangen av året.

Rotevatn meiner å ha fått auge på nokre lågthengande frukter blant tiltaka, men vil ikkje røpe kva for nokre. Regjeringa klarte ikkje å nå klimamåla for 2020, men ministeren har tru på at det skal gå denne gongen.

– Klimadebatten har flytta seg, og det gjer det enklare å setje i verk kraftige tiltak, seier han.

For å få fleirtal må regjeringa snakke med fleire parti, også Framstegspartiet, understrekar han.

Frp vil kutte i andre land

Nyleg avgått samferdselsminister, no opposisjonspolitikar Jon Georg Dale (Frp), meiner det er vanskeleg å sjå for seg eit breitt forlik der alle opposisjonspolitikarar er med, og oppmodar regjeringa til å snakke med dei først.

Noreg bør ta mest mogleg av klimakutta ute, altså betale for klimakutt i andre land, fordi det er billegare, meiner Dale.

– I tillegg må eventuelle kutt i Noreg takast gjennom å utvikle teknologi som skaper arbeidsplassar, ikkje med forbod som legg ned arbeidsplassar, held han fram, og viser spesielt til det vedtatte forbodet mot sal av nye, fossildrivne bilar frå 2025.

Vil ha semje som varer

Både Høgre og Arbeidarpartiet er klare for eit nytt klimaforlik. Høgres energi- og miljøpolitiske talsperson, Stefan Heggelund, meiner dette er viktig for å sikre føreseielegheit for næringslivet.

Aps klimapolitiske talsperson, Espen Barth Eide, seier at dei ikkje har så gode erfaringar med forlik med den borgarlege regjeringa.

– Men desse spørsmåla er så viktige at det er bra å sende signal om ei brei semje som kan vare gjennom ulike regjeringar, seier han.

Han set opp tre mål: Kutte utslepp, skape jobbar og sikre at omstillinga er rettferdig. Det skal framleis vere økonomisk vekst, understrekar han, slik tonen òg er frå regjeringspartia.

Vil ha med olja

SV meiner eit klimaforlik òg må gjelde for oljeindustrien. Han er ikkje dekt av Klimakur-rapporten. Mesteparten av oljeindustrien høyrer til såkalla kvotepliktig sektor, som kan handle klimakvotar gjennom EU-kvotesystemet.

Klimakur 2030 gjeld sektorar som ikkje er med i dette systemet.

– Vi vil ha eit klimaforlik som ser dei totale utsleppa i Noreg under eitt, seier SVs Kari Elisabeth Kaski.

Ikkje kjøtkutt?

Ho opnar likevel for å la landbruket sleppe billegare unna. Klimakur-rapporten la til grunn at folk skal ete mindre kjøt og meir fisk og grønsaker, og anslår at det vil føre til 5.000 færre årsverk i landbruket.

– Vi kan ikkje vedta kva vi skal ha på middagsbordet. Vi må ha ein dialog med landbruksnæringa om kva som er mogleg å få til. Det vi ikkje får til å kutte i landbruket, må vi kutte andre stader, seier Kaski.

Senterpartiets Sandra Borch er heller ikkje så opptatt av kjøtforbruket, men peikar heller på transportsektoren. Partiet ønskjer eit CO2-fond for å omstille tungtransporten og vil ha på plass eit investeringsvedtak for fullskala anlegg for karbonfangst- og lagring.

– Vi avviser ikkje eit forlik, men vi må først sjå kva det inneheld, seier ho.



(©NPK)