Helleland vil ikkje love lågare ferjetakstar

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) har ikkje med seg løfte om pengehjelp eller konkrete tiltak når ho tysdag besøker ferjeopprørarar i Aukra.
Innenriks

– Det nyttar ikkje å skyve rekninga over på staten. Her har fylkeskommunane eit ansvar som dei er nøydde til å ta, seier Helleland til NTB.

Med seg på reisa til Aukra og Molde i Møre og Romsdal, der det har vore protestar mot auka ferjeprisar, får statsråden samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

– Vi skal møte pendlarar og barnefamiliar som opplever høge ferjekostnader som veldig vanskeleg. Og vi skal møte næringslivet, som også har fått auka kostnader, seier Helleland til NTB.

Fleire medieoppslag dei siste vekene har fortalt at dagpendlarar og familiar som er avhengige av ferjetilbod, risikerer mange tusen kroner i ekstrautgifter på grunn av auka takstar etter nyttår.

Dei to statsrådane skal òg møte kommune- og fylkestingspolitikarar for å drøfte situasjonen.

Kan ikkje love priskutt

Men konkrete tiltak eller løfte om kutt i prisane har dei ikkje med seg, stadfestar Helleland.

– Statsministeren har sagt at dette er eit fylkeskommunalt ansvar – har de no ombestemt dykk?

– Absolutt ikkje. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for takstane. Vi skal frå statens side ta ansvar for dei nye initiativa som er sett i gang for at vi skal lykkast med det grøne skiftet, seier Helleland.

Nye låg- og nullutsleppsferjer har vore peika på som éin av fleire årsaker til dei auka prisane folk i Nordland, Møre og Romsdal og Vestland har opplevd. Protestane fekk Nordland til å avblåse prisauken.

– Kan de no love kutt i ferjeprisane?

– Vi er bekymra for at folk opplever så store auka kostnader. Den situasjonen er vanskeleg for folk, seier Helleland.

Pengar i revidert?

Ei rekke politiske parti har engasjert seg i ferjeopprøret. MDG foreslår no eit priskutt på 20 prosent, og at staten kompenserer fylkeskommunane for auka utgifter. Arbeidarpartiet og Senterpartiet krev at regjeringa hostar opp pengar i revidert nasjonalbudsjett i mai for å senke prisane.

– Takstane må ned, rett og slett, sa Ap-nestleiar Hadia Tajik til NTB torsdag.

Men Helleland kan ikkje love at det kjem meir pengar til ferjedrifta frå fylkeskommunane i revidert budsjett.

– Eg lovar ikkje noko på kva løysingar som skal komme. Samferdselsministeren og eg har ein god dialog, og i fellesskap har vi prioritert å reise til Møre og Romsdal.

– Nasjonal makspris for båt- og ferjebillettar, at staten tar meirkostnaden ved klimaomstilling og at ein bør vurdere autopass-ordninga har vore lansert som moglege løysingar for å få ned prisane?

– Eg reknar med at dette er aktuelle forslag som vi skal diskutere i detalj, men eg vil ikkje peike på noka ordning no, seier Helleland.

(©NPK)