Tidlegare lærar må i fengsel for overgrep mot gut

Ein tidlegare lærer i 30-åra frå Midt-Troms er i Senja tingrett dømt til tre år og ni månaders fengsel for fleire overgrep mot mindreårig gut.
Innenriks

Overgrepa mannen no er dømde for, skjedde ifølgje dommen over ein periode på om lag halvtanna år frå årsskiftet 2013/2014, medan han var barnevakt for guten.

I mai i fjor vart mannen dømd til åtte månaders fengsel for å ha tatt på to av elevane sine. Dei to elevane var begge under ti år gamle. Denne dommen har mannen sona ferdig.

Den tidlegare overgrepsdømde læraren erkjende ikkje straffskuld då rettssaka mot han starta i Senja tingrett i slutten av januar.

I den nye dommen kjem det fram at den tiltala har vore inne til avhøyr, men har nekta å forklare seg til politiet. Han gav derfor frå seg forklaring for første gong i tingretten. I forklaringa nekta mannen for overgrep og antyda at den fornærma guten kunne ha eit økonomisk motiv for påstandane om seksuelle overgrep. Den tiltala vart ikkje trudd. «Etter bevisføringen finner retten helt å kunne utelukke at fornærmedes forklaring skyldes et ønske om oppreisningserstatning», heiter det i dommen.

Mannen er i tillegg til den vilkårslause dommen dømd til å betale 175.000 kroner i oppreisningserstatning til guten. Dommen var samrøystes.

Fengselsstraffa er 15 månader kortare enn påstanden frå aktor, statsadvokat Kirsti Jullum Jensen. Forsvararen til den tiltala, advokat Oddvar Villy Eriksen, opplyser til NTB at dommen likevel blir anka.

(©NPK)