Slutt på DNB-banktenester på postkontor

Frå 1. juli vil det ikkje lenger vere mogleg for DNB-kundar å setje inn og ta ut kontantar på postkontor eller i Post i butikk.
Innenriks

Avtalen mellom Posten og DNB gjekk opphavleg ut ved årsskiftet, men avviklingsdatoen er no sett til 30. juni.

DNB har inngått ein ny avtale med BankAxept og Vipps for kontanttenester. Den nye løysinga vil ved oppstart våren 2020 vere tilgjengeleg i alle Kiwi- og Meny-butikkar, og i nokre Spar- og Joker-butikkar.

Endå om avtalen mellom Posten og DNB har gått ut, vil banktenestene gjennom landpostbod blir vidareført ut året. I dag tilbyr Posten banktenester gjennom cirka 1.400 landpostruter og i 1.400 postkontor og Post i butikk.

(©NPK)