Lokale Høgre-politikarar vil greie ut kjernekraft i Noreg

Høgres fylkeslag i Rogaland og Vestland har vedtatt å greie ut kjernekraftutbygging i Noreg, medan Trøndelag Høgre vil intensivere forskinga på kjernekraft.
Innenriks

Høgre hadde i 2009–2013 programfesta forsking og utvikling av kjernekraft i Noreg, primært med thorium som brennstoff. Det skjedde likevel ikkje, sjølv om Høgre og Frp gjekk inn for eit forskingssenter på thorium i regjeringsplattforma i 2013.

Thorium er eit lettare radioaktivt grunnstoff som kan brukast som brensel i atomreaktorar, og ikkje gir utslepp av CO2 eller andre klimagassar.

Stortingsrepresentant Marianne Synnes Emblemsvåg (H) frå Møre og Romsdal er utdanna bioingeniør og molekylærbiolog og seier til Stavanger Aftenblad at ho ser på thorium som ei framtidig kraftkjelde i Noreg.

Thorium er ikkje eigna for kjernefysiske våpen, og det er ikkje mogleg med kjernefysisk nedsmelting.

– Vi er kanskje sjølvforsynte no, men vi er berre i starten av elektrifiseringa og vil trenge meir og meir kraft. Vasskrafta er ikkje nok, og kjernekraft er langt meir stabilt enn vindkraft, og i Noreg er ikkje gasskraftverk «reint nok», seier Emblemsvåg.

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) rangerte Noreg i fjor på 12.-plass av land med størst thorium- førekomstar.

(©NPK)