Fryktar meir familievald – politiet ber folk melde frå

Politiet fryktar at stengde skular kan føre til ein auke i familievald, og at det kan vere vanskelegare å plukke opp barn som har det vanskeleg heime.
Innenriks

– I den tida vi er i no, er det mange barnefamiliar som er meir saman og meir isolerte, seier Heidi Myhre Teigen, leiar for avsnitt for seksuelle overgrep og vald i Innlandet politidistrikt.

– I alle familiar er det noko stressnivå, men det er endå meir no. Ein går oppå kvarandre, og ein kan ha fleire økonomiske bekymringar, seier Teigen.

Derfor er ho bekymra for at fleire kan bli utsette for vald. Ho er òg bekymra for at fleire barn kan bli utsette for overgrep på nett.

– Det er viktig at foreldre følgjer med på nettbruket til barna opp mot potensielle overgriparar, seier Teigen.

Stengde skular

Ho seier at politiet òg er bekymra for at fleire saker ikkje blir melde inn.

– Vi har jamleg saker som kjem inn, men vi fryktar at færre saker blir melde inn fordi barn ikkje er på skule eller i barnehage, seier Teigen.

– Fagpersonar, som lærarar, som er bekymra, kan ta kontakt med Statens barnehus for rettleiing.

Blir prioritert

Teigen er oppteke av å understreke at trass i koronasituasjonen, tar dei imot bekymringsmeldingar.

– Publikumsmottaka er stengde, derfor er vi bekymra for at folk trur det ikkje er mogleg å seie frå. Vi prioriterer desse sakene no også. Folk må ikkje vere redde for å melde frå, seier Teigen.

Ho seier at personar som mistenkjer familievald eller overgrep, kan ta kontakt med barnevernet eller lokalt politi på telefon 02800.

Eldre ungdommar og vaksne som er utsette for vald, kan ta kontakt med Støttesenter for kriminalitetsutsette på 404 46 513.

(©NPK)