Noregs Bank vurderer å gripa inn i valutamarknaden

Etter ein historisk kollaps i kronekursen vurderer Noregs Bank å gripa inn i marknaden ved å kjøpa norske kroner.
Innenriks

Koronakrisa, det kraftige fallet i oljeprisen, børskrakket og den generelle ustabiliteten i finansmarknadene har ramma den norske krona svært hardt.

På under to veker har krona svekt seg nærare 30 prosent mot amerikanske dollar. Berre på ein halvtime natt til torsdag fall den norske valutaen over 50 øre både mot både dollar og euro.

– Dei siste dagane har det vore ekstraordinære forhold i marknaden for norske kroner, og endringane i kronekursen har vore historisk store, slo Noregs Bank fast i ei pressemelding torsdag formiddag.

Her står det at sentralbanken no vurderer om han skal gripa inn i marknaden og kjøpa norske kroner.

Ikkje overraska

Slike støttekjøp kunne potensielt ha bidrege til å løfta kronekursen att. Det ville vore historisk, sidan Noregs Bank aldri tidlegare har gripe inn på denne måten sidan Noreg gjekk over til flytande valutakurs i 2001.

Sjølv ikkje under finanskrisa i 2008 gjekk sentralbanken så langt som å støttekjøpa norske kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.

Førsteamanuensis Geir Høidal Bjønnes ved BI er likevel ikkje overraska over at Noregs Bank seier dei vurderer dette grepet. Han trur utsegna i seg sjølv kan bidra til å dempa svingingane i valutakursen.

– Utsegna kan gjera det litt meir føreseieleg, seier Bjønnes til NTB.

Nokre timar etter at Noregs Bank sende ut pressemeldinga si, var det tydeleg at ho hadde hatt ein viss verknad. Kronekursen hadde gått litt opp att, og ein euro kosta om lag det same som kvelden før.

Gunstig for eksportørar

BI-forskaren trur likevel ikkje at det er gitt at støttekjøp blir gjennomførte.

Han peikar på at låg valutakurs har nokon fordelar i den svært spesielle økonomiske situasjonen me er inne i. Varene til norske eksportørar kan bli meir attraktive når kronekursen svekkjer seg i forhold til andre valutaer.

For norske investorar som eig utanlandske aksjar, bidreg kronekollapsen til å motverka tapet som følgje av børskrakket. Dette gjeld både småspararar og Oljefondet, der det framleis er nesten 10.000 milliardar kroner.

Samtidig kan bedrifter som sel importerte varer, bli nøydde til å skru prisane kraftig opp. Coop opplyser til E24 at prisane på frukt og grønsaker vil stiga.

Og nordmenn som trass i koronakrisa er på reise i utlandet, har fått kjøpekrafta drastisk redusert.

Truverd

Skulle kronekursen halda fram med å falla kraftig, kan leiinga i Noregs Bank føla at dei må gjennomføra dei varsla støttekjøpa for ikkje å mista truverd.

– Noregs Bank plar følgja opp det dei har sagt, påpeikar Bjønnes.

Sjefstrateg Nils Kristian Knutsen i Handelsbanken Capital Markets trur kronekursen kan søkka vidare viss børsane og oljeprisen held fram med å stupa.

– Det er vanskeleg å peika på nokon nedre grense når situasjonen er så ekstrem, seier han til NTB.

12 kroner for ein dollar

Ein amerikansk dollar kosta ein periode torsdag formiddag over 12 kroner, før den norske valutaen deretter styrkte seg litt.

Noko av forklaringa på denne situasjonen er at dollaren har stige kraftig gjennom koronakrisa. Men norske kroner har svekt seg veldig òg mot mange andre valutaer.

Ifølgje Knutsen har den norske valutaen svekt seg rundt 20 prosent mot svenske kroner så langt i år. Norske kroner har òg falle betydeleg meir enn andre såkalla «råvarevalutaer» som australske og kanadiske dollar.

Ei av forklaringane på oppgangen til den amerikanske valutaen er at behovet for dollar truleg har vorte akutt for mange aktørar rundt om i verda. Dette bidreg òg til fallande prisar både for amerikanske statsobligasjonar, norske kroner og mykje anna i det investorar sel unna verdiar for å skaffa seg dollar.


(©NPK)