Fryktar fastlegekollaps som følgje av mangel på smittevernutstyr

Mange fastlegar har ikkje smittevernutstyr til å ta imot pasientane sine på fastlegekontoret og er dermed ikkje verna mot koronasmitte.
Innenriks

– Eg er redd smitte vil spreie seg via helsepersonell på grunn av manglande smittevern. I den augneblinken det skjer, blir det ein kollaps av fastlegesystemet i Oslo, seier Nina Irene Wiggen, hovudtillitsvalt for fastlegane i hovudstaden, til VG.

Fleire fastlegesenter i landet såg seg nøydde til å stenge då moglege koronasmitta dukka opp. No er dei fleste konsultasjonar flytta over på video, telefon og e-konsultasjon, med mindre klinisk undersøking er strengt nødvendig, skriv VG.

Fleire sener i Oslo har opptil 15.000 pasientar på listene sine. Wiggen seier fleire fastlegesenter er stengde.

– Det skal ikkje så mange fastlegesenter til som stenger før systemet kollapsar. Vi står i fare for å miste primærhelsetenesta til alle dei som ikkje er virussjuke, seier Wiggen.

Den største utfordringa dei står overfor, er mangelen på utstyr, seier Wiggen. Ho fortel at mange fastlegar ikkje har noko anna ein eingongshanskar å verne seg med.

Medisinsk fagsjef Johan Ludvig Torper i Oslo kommune forsikrar at smittevernutstyr er på veg.

– Dei neste dagane vil kommunen få smittevernutstyr som gjer at vi skal klare å sikre forsvarlege tenester både for tilsette og innbyggarar, seier han til VG.

Kommunen håpar på å få plass eigne klinikkar som skal ta imot personar med luftvegssymptom neste veke.

(©NPK)