Roper varsku om fattige barn under koronakrisa

Barna i dei fattigaste familiane har ikkje noko når skulane er stengde. Dei frivillige organisasjonane er svært uroa for korleis det går med dei.
Innenriks

– Dette er familiar som er heilt avhengige av det sosiale livet i samband med skulen. Når skulen no er stengd, tyder det at dei ikkje har nokon ting, seier Ronny Johnsen som leiar organisasjonen Rett Fram Opplevelser i Drammen.

Dei hjelper om lag 1.000 barn i 460 familiar i ein by som tronar på toppen av statistikken for barnefattigdom. Vanlegvis får dei hjelp til aktivitetar, bursdagar og julefeiring. No køyrer dei frivillige ut aktivitetspakkar med leiker, brettspel og mat til familiane.

– Ein familie som har det fint frå før, har veldig mykje betre føresetnader for å klare dette enn dei som ikkje hadde nokon ting før dette starta. Når dette viruset har lagt seg, vil vi sjå kva skade vi har påført samfunnet ved at folk blir stengde inne, seier Johnsen.

– Vi kjem til å få ein eksplosjon av folk som kjem til å trenge meir hjelp, spår han.

I same båt?

Det einaste som kan minne om ei oppside med situasjonen, meiner Johnsen, er at alle vi andre òg får erfaring med kor stussleg livet kan bli når dei sosiale aktivitetane er borte: fotballtreninga, korpsøvinga, speidarmøtet og ungdomsklubben.

– Eg får lyst til å seie: Velkomen til verda mi, seier Rett Fram Opplevelser-leiaren. Men barna som organisasjonen hjelper, bur ikkje i heimar som flyt over av leiker dei endeleg har tid til å leike med. Det er ikkje fri tilgang på strøymetenester og nettspel. Mor eller far er ofte åleine om omsorga, og dei er anten utan jobb eller har låg inntekt. Nokon av dei er livredde for smitten som breier seg. Dei slit med å få mat på bordet og har lite overskot til å aktivisere barna. Johnsen kan ikkje sjå at krisetiltaka som er lagde fram så langt, hjelper desse familiane. Lågare rente har dei heller ikkje glede av, sidan dei ikkje har bustadlån.

Fryktar sponsorane forsvinn

På dugnadssidene som no breier om seg i sosiale medium, er det mange som både ber om og tilbyr hjelp. I gruppa Oslo hjelper Oslo har fleire restaurantar og cateringselskap tilbode gratis mat levert på døra. Nokon gir bort gåvekort på Netflix-abonnement, andre gir bort det gamle nettbrettet sitt. Fattighuset i Oslo melde førre veke at dei hadde fått inn ekstra mykje og god mat. Det er mange lyspunkt.

Likevel er Johnsen uroa: For dersom krisa varer lenge, fleire mistar jobben, og bedrifter mistar inntektene sine – då mistar organisasjonar som hans, sponsorane dei er avhengige av.

Bønn til politikarane

Før helga sende Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon og Redd Barna eit felles brev til regjeringa og Stortinget der dei etterlyser tiltak for å hjelpe låginntektsfamiliane under koronakrisa.

– Over 11 prosent av barn i Noreg veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Vi veit samtidig at mange lever i mellombels og skjult fattigdom, påpeikar organisasjonane i brevet. Dei fryktar òg at fleire familiar skal hamne i denne situasjonen.

Dei bad politikarane sørgje for at også fattige familiar har tilgang til mat, og får bygd seg opp eit matlager. Desse familiane har ikkje råd til å få varer leverte på døra om dei skulle bli smitta, påpeikar dei.

Dei etterlyser òg eit eige team i Nav som skal jobbe med å sikre at barnefamiliar og dei som har dårlegast råd, framleis har pengar til husleige, mat og klede. Dessutan må dei blir sikra tilgang til internett og tilgang til smarttelefon, nettbrett eller PC, meiner organisasjonane.

(©NPK)