To omstridde vindkraftanlegg har fått klarsignal

Regjeringa har gitt klarsignal til to vindkraftprosjekt på Stad i Nordfjord og Haram på Sunnmøre. Vindkraftverket på Andøya i Nordland fekk derimot avslag.
Innenriks

Godkjenningane er gitt til store fortviling hjå motstandarane etter fleire år med protestar, skriv NRK.

På Stad skal Falck Renewables Vind starte bygging av anlegget sitt med fem vindturbinar. Totalhøgda med tårn og rotor blir 148 meter.

Store delar av Stadlandet er freda på grunn av det heilt spesielle landskapet, men området til vindturbinanlegget er unnateke vern.

På Haram har departementet sett som vilkår at fleire av dei åtte vindturbinane skal flyttast lenger unna folk. Mellom anna skal ein av turbinane flyttast 100 meter lenger vekk frå tettstaden Ulla.

Leiar for aksjonsgruppa «Nei til vindkraftverk på Haramsfjellet», Birgit Oline Kjerstad, seier ho er både sint og lei seg etter avgjerda til regjeringa.

– No må vi vurdere å gå til retten om vi vil få gjort litt meir med denne saka, seier Kjerstad.

Andmyran vindkraftverk på Andøya i Nordland fekk derimot avslag. Årsaka til avslaget er at regjeringa ikkje vil ha vindkraft i myrområdet på grunn av klimaet.

(©NPK)