Solberg trur folk kan fare på noregsferie i sommar

Statsminister Erna Solberg (H) reknar med at folk kan fare på ferie i Noreg i sommar. Men det kan sjå mørkare ut for utanlandsferien.
Innenriks

– Kvar du skal reise på sommarferie i år, kjem an på korleis det går i heile verda når det gjeld denne pandemien og koronaviruset, sa statsministeren då ho gjesta Nitimen på NRK onsdag morgon.

Ho påpeika at mange land har kraftige utbrot av viruset, og at ein lett kan bli smitta dersom ein dreg dit i alle fall i byrjinga av sommarferien.

– Så vi må følgje med på det. Det tyder òg at vi kan kome til å ha karantenereglar viss du har vore i utlandet ei god stund, sa statsministeren.

Men moglegheitene for noregsferie ser mykje lysare ut.

– Det vil nok bli fint mogleg å reise på ferie i Noreg og feriere rundt omkring. Det trur eg òg er bra for reiselivsnæringa. Så viss det er eitt år du hadde tenkt å reise på ferie i Noreg, så er det kanskje i år, seier Solberg.

Ho oppmodar folk til å reise til andre stader enn dei har vore før og leggje att nokre kroner hjå den lokale reiselivsnæringa.

– For dei blør kanskje aller mest for augneblinken og har den aller vanskelegaste horisonten framover, seier Solberg.

Ho oppmodar folk til å halde fram med å følgje smittevernråda.

– Det gjeld å nyse i olbogekroken, vaske hendene og bruke Antibac, det bør vi berre gjere til ein leveregel framover. Det vil gjere underverk òg for influensaen til hausten, når han dukkar opp att.

(©NPK)