Medium: Iskantløysinga til regjeringa er klar

Regjeringa skal ha landa på eit kompromiss om kvar den omstridde iskanten skal gå. Opposisjonen og miljørørsla reagerer på at faglege råd ikkje blir følgde.
Innenriks

Både Dagens Næringsliv og TV 2 erfarer at regjeringa har bestemt seg for å flytte den omstridde iskanten sørover i den nye forvaltningsplanen for Barentshavet som blir lagd fram fredag. Iskanten skal frå no av definerast som området der det er 15 prosent sjanse for sjøis i april, seier kjelder til dei to media.

Vedtaket inneber eit kompromiss mellom det faglege rådet frå Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Miljødirektoratet, som alle har tilrådd at grensa blir sett til 0,5 prosent. Oljedirektoratet har tilrådd å halde på dagens grense på 30 prosent, noko som i praksis ville innebere å flytte grensa lenger nord.

Konsesjonar framleis gyldige

Vedtaket vil påverke konsesjonar som allereie er gitt. Men konsesjonane som allereie er gitt nord for 15-prosentstreken, skal framleis vere gyldige, skriv TV 2.

Ifølgje DN skal det ikkje opnast for oljeboring i Barentshavet nord, i tråd med Granavollplattforma. Etter det avisa erfarer, blir det ikkje varig vern i området, men det skal ikkje setjast i gang ny oljeverksemd i denne delen av Barentshavet.

SV-leiar Audun Lysbakken meiner kompromisset er særs dårleg.

– Det er knapt til å skjøne at Venstre, som kallar seg eit miljøparti, kan gå med på dette. Vi fryktar at regjeringa legg fram ein gjennombora iskant der dei tillèt svært risikofylt oljeboring innanfor nokon av dei mest sårbare og verdifulle havområda vi har, seier han til NTB.

Aps Else-May Norderhus kallar løysinga «eit mageplask».

– Regjeringa sprikjer i alle retningar og tek eit mageplask midt imellom. Så får vi sjå korleis dei legg dei politiske føringane når saka kjem i morgon, sidan dei ikkje har teke innover seg dei faglege råda, seier ho til DN.

– Håplaust kompromiss

Også Verdsnaturfondet (WWF) reagerer sterkt.

– Regjeringa vil gå for eit håplaust kompromiss som ikkje har fagleg forankring. Viss dette stemmer, er det ei fallitterklæring for det faglege truverdet til forvaltningsplanen, seier generalsekretær Karoline Andaur.

– Heile systemet med forvaltningsplanar er baserte på at det er fagkunnskapen som skal styre kva område som blir definerte som sårbare og verdifulle, medan politikken styrer kva aktivitet som blir tillaten her. Det blir no undergrave. Med ei grense på 15 prosent isfrekvens blir store delar av iskantsona utelaten, medan aktive oljelisensar blir omgåtte, seier ho.

(©NPK)