Frp tek kampen for ferjepriskutt i Stortinget

Frp nektar å godta at ferjeprisane bykser opp igjen når «koronarabatten» går ut i haust. No lovar partiet knallhard kamp for å få ned prisane permanent.
Innenriks

Onsdag innleier Framstegspartiets Helge André Njåstad forhandlingar med regjeringspartia på Stortinget om kommuneproposisjonen.

Då vil han fremje krav om fleire hundre millionar kroner i auka støtte til fylkeskommunane for å få ned ferjeprisane.

– Vi hadde forventa at dei skulle gjere noko med dette sidan dei stilte med sveleetande statsrådar på ferjetur, seier Njåstad til NTB.

Ferjeopprør

Han viser til at distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) og samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i mars besøkte Møre og Romsdal, eitt av fylka der «ferjeopprørarar» har protestert mot auka billettprisar.

– Det einaste dei kom med, var nokre pengar til nullutsleppsferjer. Det er jo hyggjeleg nok i seg sjølv, men vil ikkje bidra til å få ned prisane for næringslivet og vanlege folk, seier Njåstad.

Regjeringa la i revidert nasjonalbudsjett inn 150 millionar kroner til innfasing av låg- og nullutsleppsløysingar på fylkesvegferjene.

Då Hareide og Helleland besøkte Møre og Romsdal fekk dei høyre historier om enkeltpersonar som har fått 10.000 kroner i auka ferjeutgifter årleg. Også i Nordland og Vestland har det vore protestar mot auka prisar.

Lågmoms

Utbrotet av koronavirus i Noreg har sørgt for å halde ferjeopprøret unna avisframsidene. Éin grunn til det er at prisane faktisk er reduserte. Det kjem av at den låge momssatsen er redusert frå 12 til 6 prosent til og med oktober.

Men kva som skjer etter den tida, er uvisst. Det uroar Njåstad. Han er ikkje roa av grepet til regjeringa i revidert nasjonalbudsjett.

– Vi ønskjer at ferjeprisane skal gå ned permanent. Vi må finne ein modell som gjer at pengane ikkje går som frie inntekter til fylkeskommunane, men faktisk direkte til dei som treng det, seier han.

Njåstad nemner øyremerking, målretting eller ei påskjønningsordning for selskap og fylke som held prisane nede, som moglege vegar å gå.

Kollektivsmell

Njåstad trekkjer òg fram den prekære økonomiske situasjonen til kollektivselskapa som eit sentralt tema i forhandlingane.

– Det er ein floke som må løysast no, elles vil kollektivselskapa slite økonomisk, konstaterer han.

Også innretninga på støtte til havbrukskommunar og det Frp-politikaren beskriv som ei omfordeling frå kommune til stat, blir tema.

– Det kling ikkje godt. Vi er avhengig av positive kommunar som legg forholda til rette for havbruksnæringa, konstaterer han.

Strid om reknestykke

Koronakrisa har kosta norske kommunar dyrt, men anslaga sprikjer.

KS har anslått tapet til kommunane i 2020 til mellom 18 og 27 milliardar kroner. Skattetap og redusert inntekt og ekstrakostnader kjem på minussida, medan redusert lønns- og prisvekst veg opp for noko av tapet.

Kommunalminister Nikolai Astrup (H) viser i eit brev til Stortinget til at 10,8 milliardar i kompenserande tiltak og 9,1 milliardar sparte som følgje av lågare lønns- og prisvekst samla utgjer ein kommunepakke på 19,9 milliardar i 2020.

Astrup har sett ned eit utval som skal berekne kor mykje kommunar og fylkeskommunar taper på krisa.

Frp har som mål å bli samd med regjeringspartia om ein heilskapleg kommunepakke i Stortinget. Saka skal bli gitt frå komiteen 10. juni og behandlast i plenum 17. juni.

(©NPK)