Hurtigruten: – Ekstremt gode nyheiter

Konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, er særs glad for at mange viktige turistland i Europa no er unnatekne reiseråda til UD.
Innenriks

Frå 15. juni blir det opna for at personar frå ei rekkje land i Europa får kome karantenefritt til Noreg. Samtidig kan nordmenn fritt reise ut til dei same landa.

– Dette er ekstremt gode nyheiter etter ein krisesommar for norsk reiseliv. At det no blir opna for gjester frå Tyskland og fleire andre europeiske  land, gjer at fleire kan trappe opp verksemda, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.

Han presiserer at dette òg skaper ein tryggleik og føreseielegheit som er nødvendig for at utanlandske turistar skal velje Noreg i staden for andre reisemål utover hausten og vinteren.

At regjeringa har opna for turistar frå Tyskland, er særleg kjærkome for det norske reiselivet, som har slite i samband med stenging og restriksjonar dei siste månadene.

– Tyskland er den viktigaste enkeltmarknaden for reiselivet i Noreg. På ein vanleg sommar skaper tyske turistar inntekter for om lag 100 millionar kroner kvar einaste dag i Noreg. For oss i Hurtigruten er rundt 40 prosent av sommargjestene tyske, seier Skjeldam.


(©NPK)