Politiet førebudd på fleire reisande til Noreg – men aukar ikkje bemanninga

Onsdag kan turistar frå ei rekkje europeiske land komme til Noreg for første gong i sommar. Rundt 40 fly frå utlandet blir venta til Gardermoen.
Innenriks

Onsdag 15. juli blir karanteneavgjerdene for innreisande frå ei rekkje europeiske land oppheva. Alle Schengen-land utanom Portugal, Luxembourg, Kroatia, Ungarn, Romania, Bulgaria og mesteparten av Sverige er no klassifisert som «grøne» av regjeringa – og dermed slepper innreisande frå desse landa ti dagar i innreisekarantene.

Det betyr òg at nordmenn kan reise til mesteparten av Europa utan å risikere karantene når dei kjem heim.

Førre veke viste ei undersøking at nesten 2,2 millionar tyskarar vurderte noregsferie dersom grensene vart opna. Mange av desse vil komme med fly. Men ikkje alt vil vere som normalt.

Ekstra grensekontroll framleis på plass

Den ekstra Schengen-kontrollen som har vore på plass sidan mars, vil framleis møte reisande frå dei mange landa som har vorte klassifiserte som «grøne». Det vil seie at alle må vere førebudd på å vise legitimasjon. Men ikkje alle vil bli kontrollerte, noko som har vore tilfelle fram til no.

– Det handlar om logistikk og om smittevern. Om vi ser at det hopar seg opp lange køar, vil vi ikkje kontrollere alle av smittevernomsyn, seier Eli Fryjordet, leiar for felles eining for utlending og forvaltning i Aust politidistrikt.

Ho minner om at det er eit kollektivt ansvar for reisande at dei set seg inn i smittevernreglane og overheld karanteneplikta viss dei ikkje er unnatekne frå karantene ved innreise til Noreg. Politiet har ikkje planar om å auke bemanninga på Gardermoen onsdag.

Folkehelseinstituttet har ein klar protokoll for kva flyplassane skal gjere dersom dei får melding om ein mistenkt koronasmitta passasjer på flyet. Kommunelegen skal varslast, alle passasjerar skal få informasjonsskriv, og dei med symptom skal undersøkjast. Passasjeren som er mistenkt smitta, skal påførast munnbind, og flyet skal desinfiserast. Også skip i norske farvatn har ein klar protokoll for kva dei skal gjere før dei anløper hamn.

Flyplassane med ekstra tiltak

– Vi er førebudde på ein auke i passasjerar i tida som kjem, opplyser marknads- og kommunikasjonssjef Cathrine Framholt i Avinor.

Ho fortel at dei ventar langt færre turistar enn vanleg i sommar. Flyplassane har likevel innført ei rekkje tiltak, mellom anna i form av informasjon på skjermar, plakatar og sosiale medium, avstandsmarkeringar og avsperringar på golv og sitteplassar, og ekstra reinhald.

– Det er ekstra påfyll av såpe og tørkepapir, og dessutan tilgjengeleg handdesinfisering rundt om i terminalane, opplyser Framholt.

I tillegg er det mange moglegheiter for berøringsfri kontakt når ein skal bestille parkering, sjekke inn, og betale for varer på kioskar og spisestader.

(©NPK)