Sp vil ha omkamp om helseverneplikt

Koronakrisa har vist kor sårbar helsevesenet er, meiner Senterpartiet. No vil partiet ha omkamp om helseverneplikt for ungdom.
Innenriks

– Eg ønskjer ei ny form for verneplikt, ei samfunnsteneste i helsesektoren. Eg meiner vi ikkje har råd til å la vere, seier Sps stortingsrepresentant Kjersti Toppe til NRK.

I 2011 foreslo eit utval ei form for vernepliktsordning i eldreomsorga, som eit ledd i å møte omsorgsutfordringane i framtida. Toppe tok saka til Stortinget i 2013, men vart nedrøysta.

Fleire utfordringar

No tek ho debatten opp igjen og peikar på fleire utfordringar i helsesektoren, som mangel på arbeidskraft, rekruttering og ressursar ved framtidige pandemiar og helsekriser.

– Det viktige er at vi kan ha opplæring av eige folk, som kan tre inn når det er nødvendig, seier Toppe.

Frps arbeids- og sosialpolitiske talsperson Erlend Wiborg er skeptisk til forslaget.

– Helsevesenet bør bestå av folk som er utdanna til det, ikkje tilfeldige folk frå gata, seier han til NTB.

– Sømeleg løn

– Vi bør heller betale folk ei sømeleg løn sånn at dei faktisk har lyst til å jobbe i helsesektoren. Løna bør aukast viss det er for få som ønskjer å jobbe der, seier han.

Heller ikkje Høgres Sveinung Stensland er særleg entusiastisk.

– Det viktigaste vi kan gjere dersom vi treng meir helsepersonell, er å utdanne fleire og sørgje for at dei ønskjer å arbeide innanfor helsesektoren, seier han til NRK.

SVs helsepolitiske talsmann Nicholas Wilkinson meiner ein heller bør prioritere å gi heile, faste stillingar til vikarar og deltidstilsette i helsevesenet.

(©NPK)