Næringslivet har brukt mykje mindre koronastøttemidlar enn venta

Mindre enn ti prosent av dei 50 milliardar kronene regjeringa sette av til kontantstøtte til næringslivet er brukt. Regjeringa håpar det verste er over.
Innenriks

Berre 4,5 milliardar kroner er delt ut i kontantstøtte til 57.500 bedrifter per 21. juli. Også for statlege lånegarantiar er mykje mindre pengar brukt enn venta: 9,3 milliardar av 50 milliardar kroner som vart avsette, skriv E24.

– Dette er positive nyheiter. Norsk økonomi og norske bedrifter går betre enn forventa, seier statssekretær Geir Olsen (V) i Finansdepartementet.

Olsen seier regjeringa og Stortinget planla for det verst tenkjelege utfallet, sidan det var usikkert kor lenge nedstenginga kom til å vare.

Han håpar ordningane har teke unna det verste rushet.

– Men støttebehovet kan blomstre opp igjen til hausten. Til dømes kan hotella få nye problem når turisttrafikken i sommar gir seg, seier han.

(©NPK)