Trafikkboom på nettsidene til Turistforeininga

Nettstaden til Turistforeininga Ut.no hadde 80 prosent fleire besøkande i vår og sommar enn på same tid i fjor. Dronningstien har flest sidevisningar.
Innenriks

Totalt hadde Den norske turistforeiningas (DNT) turplanleggjar, Ut.no, 2,1 millionar brukarar mellom 1. april og 30. juni.

I tillegg til den 16,4 kilometerlange Dronningstien på Hardangervidda, er turane over Romsdalseggen og Gaustatoppen sidene med flest visningar, viser ei oversikt frå Bergens Tidende.

Åtte av dei ti mest besøkte turforslaga har graderinga «krevjande» eller «ekstra krevjande», og eignar seg for personar med erfaring og godt uthald, ifølgje DNT.

(©NPK)