Framleis høg arbeidsløyse

Tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 31.000 fleire arbeidslause her i landet i juni enn i februar.
Innenriks

Det var 138.000 arbeidsledige personar i juni, viser dei førebelse sesongjusterte reine månadstala. Det er 9.000 færre enn i mai, viser tal frå Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking (AKU).

Arbeidsløysa var på 4,9 prosent i juni, mot 3,8 prosent i februar.

Talet på sysselsette til stades på jobb steig frå mai til juni. Veksten kom etter to månader med kraftig fall som følgje av koronapandemien.

Trass i veksten i juni var det framleis 43.000 færre sysselsette på jobb i juni enn februar. Til samanlikning var det 120.000 færre sysselsette på jobb i mai enn februar.

I andre kvartal 2020 var 129.000 personar arbeidslause, som svarar til ein arbeidsløyserate på 4,6 prosent.

(©NPK)