Over 400 fleire studieplassar på sjukepleiarutdanninga

Rundt 7.600 søkjarar har fått tilbod om plass på sjukepleiarutdanninga. Det er 403 fleire enn i fjor.
Innenriks

Av desse ytterlegare plassane var 250 planlagde, medan resten er knytte til koronapandemien, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Totalt har 17.849 personar fått tilbod om studieplass innanfor helsefag, samanlikna med 16.800 i fjor. Det er ein auke på 6,2 prosent.

(©NPK)