Det viser tal frå Samordna opptak. I 2019 gjekk delen menn som fekk tilbod om studieplass ned 6,3 prosent frå 2018. I år gjekk delen ned 0,6 prosent frå 2019, skriv Dagens Næringsliv.
Den låge delen mannlege jusstudentar får jussprofessor Geir Woxholth til å reagere.
– Tala er ikkje isolerte sett oppsiktsvekkjande, men det at trenden ser ut til å halde fram og er forsterka er bekymringsverdig, seier Woxholth, som likevel er skeptisk til kvotering.
– Men eg tenkjer at ein kanskje bør starte med å undersøkje nærare kvifor det har vorte slik det er. At noko burde gjerast, meiner eg er openberra, seier professoren.
Då advokat Bettina Banoun, var ferdig utdanna i 1995, var det jamn kjønnsfordeling på jusstudiet
– Eg synest ikkje det er heldig om det blir stor overvekt av eitt kjønn på nokre profesjonar – vere seg juristar, psykologar, sjukepleiarar eller ingeniørar, seier Banoun. Ho meiner det bør vurderast om privatistordninga bør gjeninnførast.
– Før kunne ein ta førsteåret på jusstudiet som privatist. Dersom ein fekk gode nok resultat kom ein inn på studiet.
(©NPK)