Tilrår munnbind på fulle bussar og tog i Oslo og i Indre Østfold-regionen

Regjeringa tilrår at folk i Oslo og Indre Østfold-regionen bruker munnbind i kollektivtrafikken når det er fullt og umogleg å halde éin meters avstand.
Innenriks

Både eingongsmunnbind og tøymunnbind kan brukast, opplyser Helsedepartementet.

Helseminister Bent Høie understrekar at munnbind ikkje erstattar regelen om ein meters avstand.

– Den vernande effekten av munnbind er anslått til å vere 40 prosent, medan det å halde minst éin meter avstand er anslått å redusere risikoen for smitte med 80 prosent. Meteren er altså viktigare enn munnbindet, seier han.

Bruk av munnbind er ei solidaritetshandling, ifølgje Høie.

– Mange trur ein bruker munnbind for å verne seg sjølv mot smitte, men ein vernar først og fremst andre mot smitte viss ein har viruset utan å vite det. Det kjem kampanjar som informerer om riktig bruk, seier han.

Born som går på barnetrinnet (1. – 7. klasse) og dei som er yngre enn dette, blir ikkje tilrådde å bruke munnbind. Born under to år skal ikkje bruke munnbind i det heile.

Tilrådinga gjeld frå måndag 17. august og i to veker framover.

Dette gjeld reiser internt i Oslo kommune og til og frå kommunen. Det gjeld òg i bu- og arbeidsmarknadsregionen Indre Østfold, som består av Indre Østfold kommune, Rakkestad kommune, Skiptvet kommune og Marker kommune.