Equinor sel halvparten av havvindprosjekt i USA til BP

Equinor har inngått ein avtale med BP om sal av eigardelar på 50 prosent i havvind-lisensar på austkysten av USA for 1,1 milliardar dollar.
Innenriks

Med denne transaksjonen etablerer dei to selskapa òg eit strategisk partnarskap for ytterlegare vekst innan havvind i USA, opplyser Equinor i ei pressemelding.

Salet har ein samla pris før justeringar på 1,1 milliardar dollar.

Equinor har i dag ein eigardel på 100 prosent i både Empire Wind-lisensen, som ligg utanfor kysten av delstaten New York, og Beacon Wind-lisensen, som ligg utanfor kysten av Massachusetts.

Kraftproduksjonen frå kvart område vil vere tilstrekkeleg til å forsyne over 1 million heimar med straum, ifølgje Equinor.

– Transaksjonen er i tråd med Equinors fornybarstrategi om å sikre tidleg tilgang til attraktive område for storskala utbyggingar, modne utbyggingsprosjekt og skape verdi ved nedsal frå posisjonar med høg eigardel, skriv selskapet.

Equinor vil halde fram som operatør for begge prosjekta i utviklings-, bygge- og driftsfasen. Havvindparkane vil etter kvart få lik bemanning frå begge selskap.

– Vi ser fram til å samarbeide med BP som deler ambisjonen vår om sterk vekst innan fornybar energi. Partnarskapet understrekar ønsket til begge selskapa om å akselerere energitransmisjonen. Ved å kombinere styrkane våre, vil vi saman kunne utvikle ei lønnsam havvindverksemd i USA, seier konsernsjef i Equinor, Eldar Sætre.

(©NPK)