Støre med tre løfte til veljarane eitt år før valet

Trygge jobbar til alle, ein sterkare velferdsstat og at Noreg skal nå klimamåla. Det er Ap-leiar Jonas Gahr Støres valløfte i det nye programmet til partiet.
Innenriks

Støre har sjølv leidd arbeidet med partiprogrammet, som vart lagt fram fredag.

– Vi står overfor store oppgåver som må løysast det neste tiåret, seier Ap-leiaren.

– Altfor mange står utanfor arbeidslivet, Noreg har ein fallande eksport, det er aukande utryggleik i arbeidslivet, og mange rundt om i landet merkar at aukande forskjell, sentralisering og privatisering gjer livet vanskelegare, meiner han.

I partiprogrammet blir det heist tre løfte til veljarane: Trygt arbeid til alle, velferdsstaten skal gjerast sterkare og Noreg skal nå sine klimamål og bidra til å løyse klimakrisa internasjonalt.

(©NPK)