Kraftig passasjerfall for Norwegian i september

319.370 passasjerar reiste med Norwegians fly i september, ein nedgang på heile 90 prosent frå same månad i fjor.
Innenriks

Norwegians trafikktal for september er kraftig påverka av lågare etterspurnad som følgje av strengare reiserestriksjonar over heile Europa, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Fleire land gjekk frå gul til raud status i september.

– Vi tilpassar rutetilbodet ut ifrå situasjonen, men dei stadige endringane i reiserestriksjonane til styresmaktene gjer det svært krevjande å planleggje, både for oss og kundane. Framover ser vi òg at denne krisa på ingen måte er over, seier Norwegians konsernsjef Jacob Schram.

99,2 prosent av dei planlagde flygingane til selskapet vart gjennomførte. Flya var litt over halvfulle med ei fyllingsgrad på 52,8 prosent.

Den totale kapasiteten (ASK) var ned 93 prosent frå september i fjor, medan passasjertrafikken (RPK) var 96 prosent lågare.

Flygingane i september var 97,6 prosent punktleg.

(©NPK)