Nytt flyselskap startar opp i 2021

Eit nytt, norsk flyselskap har som mål å starte opp i 2021. Teamet bak selskapet har lang erfaring frå norsk luftfart og skal leiast av Erik G. Braathen.
Innenriks

– Vi har ein sterk lidenskap for norsk luftfart og trur ikkje at marknaden vil komme tilbake dit det var i forkant av koronapandemien. Vi vil nytte all vår erfaring og kompetanse for å byggje eit nytt, norsk flyselskap tilpassa den økonomiske røyndommen og behovet til passasjerane, seier initiativtakar Erik G. Braathen i ei pressemelding.

Braathen har bakgrunn som investor og styremedlem i Norwegian Air Shuttle i perioden 2002-2009 og som styreformann i 2004-2009, og dessutan som administrerande direktør i Braathens SAFE i ti år fram til 1999.

Meir enn 25 personar jobbar no med å byggje opp det nye flyselskapet. Dei har bede om økonomisk støtte frå Næringsdepartementet.

Det nye flyselskapet planlegg å starte opp med fem fly og ha første fly i lufta første halvår i 2021. Planen er å ha nærare 400 tilsette innan 2022.

(©NPK)