Regjeringa vil styrkje norsk eksport

Regjeringa vil bruke 100 millionar kroner til eksportsatsingar neste år. Nyskapinga Business Norway blir etablert for eit tettare samarbeid med næringslivet.
Innenriks

Regjeringa lanserte tysdag eksporthandlingsplanen «For og med norsk næringsliv».

– Eksportbedriftene skaper arbeidsplassar og verdiskaping i Noreg. No er dei inne i ein krevjande periode, og vi vil gjere det vi kan for at dei kan halde fram med dette under og etter koronakrisa, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa vil opprette ei ny eining og samle kompetanse der for å byggje eit sterkare samarbeid med næringslivet. Eininga har førebels arbeidsnamnet Business Norway.

– Vi foreslår å løyve 75 millionar kroner til ei strategisk satsing på eksport, gjennom Business Norway, seier Nybø.

I tillegg vil regjeringa bruke 20 millionar kroner til å styrkje klyngjeprogrammet og 5 millionar kroner til å fremje norsk kultureksport.

Avhengig av handelsregelverk

Det skal oppnemnast eit mellombels eksportpanel med representantar frå næringslivet som skal gi råd og innspel til arbeidet med Business Norway.

– Eksporthandlingsplanen skal bidra til gode rammevilkår for næringslivet, både i Noreg og på verdsmarknadene, seier Nybø.

Ho presenterte tysdag planen saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i fabrikklokala til industribedrifta Nordox på Helsfyr i Oslo.

– God og føreseieleg marknadstilgang ligg til grunn for alt vi ønskjer å få til på eksportområdet. Vi er avhengige av eit velfungerande internasjonalt handelsregelverk gjennom WTO og tilgang til den europeiske marknaden gjennom EØS-avtalen, seier utanriksministeren.

Ap: Skuffande svak

Arbeidarpartiet kritiserer planen for å mangle verkemidla næringslivet treng.

– Det bør bekymre norsk næringsliv at ei regjering som har styrt Noreg i sju år, ikkje evnar å foreslå eit einaste konkret punkt for korleis den strategiske satsinga på arbeidet med eksportfremjing skal styrkjast. At det endå ein gong må greiast ut vidare, verkar rett og slett urovekkjande passivt, seier Aps næringspolitiske talsperson Terje Aasland.

Han etterlyser eit mål for eksportveksten og viser til at Arbeidarpartiet i programutkastet sitt vil forme eksportpolitikken for å nå eit mål om 50 prosents vekst i eksport utanom olje og gass innan 2030.

Eksporterer mest til EU

NHO er fornøgd med planen:

– Det er bra at regjeringa vil satse meir strategisk på norsk eksport, i tettare samarbeid med næringslivet. Vi støttar etablering av ein ny modell, og det er viktig at næringslivet skal delta aktivt i utviklinga av den endelege eininga. NHO kjem til å ta ei aktiv rolle i dette arbeidet, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO.

– Vi har over tid sett at eksportgapet har auka, og vi må auke eksportdelen vår. Vi må løfte større eksportsatsingar. Ein ny modell må leggje til rette for å sikre riktige strategiske satsingar i tett samarbeid med næringslivet, seier Almlid.

1.300 milliardar

Samla norsk eksport var på 1.311 milliardar kroner i 2019. I perioden 2014–2019 har eksporten i alt auka med 87 milliardar kroner (7,1 prosent).

Norsk eksport inkluderer sal av varer, tenester, råolje og naturgass, og dessutan skip.

Rundt 80 prosent av vareeksporten og halvparten av tenesteeksporten vår går til EU, 10 prosent går til Asia, medan nær 6 prosent går til Nord- og Mellom-Amerika. Litt under 2 prosent av eksporten går til Afrika, medan eksporten til Sør-Amerika ligg i underkant av 1 prosent.


(©NPK)