Rapport: Korona kostar kommunane 14 milliardar kroner

Koronapandemien vil koste kommunar og fylkeskommunar 14 milliardar kroner i 2020, ifølgje ei arbeidsgruppe med medlemmer frå KS og seks departement.
Innenriks

Kommunane vil få utgifter og tapte inntekter på til saman 10 milliardar kroner, medan fylkeskommunane vil tape rundt 4 milliardar kroner, ifølgje delrapporten.

Samtidig sparer kommunane ein del pengar på at prisane og lønningane aukar mindre enn venta i år. Trekkjer ein frå dette, blir dei auka utgiftene på 8,7 milliardar kroner, ifølgje det nye overslaget.

Kommunalminister Nikolai Astrup held fast ved lovnaden til regjeringa om at kommunane vil få kompensert alle ekstrakostnader under pandemien.

– Det er store variasjonar. Nokre kommunar har hatt høgare utgifter enn andre, og derfor er det viktig at vi klarer å treffe dei kommunane som har hatt dei største utgiftene med dei pengane som enno ikkje er betalt ut. Det er framleis ein milliard kroner igjen, seier Astrup til NTB.

Han har no bede fylkesmennene om å kartleggje om pengane som er igjen, dekkjer behovet til kommunar med ekstra høge utgifter.

– Viss ikkje vil regjeringa stille opp med meir, seier Astrup.

Ber om meir pengar

Tidlegare har det vore usemje mellom kommuneorganisasjonen KS og regjeringa om kor stor koronarekninga eigentleg er. Men no stiller begge partar seg bak den nye rapporten.

Sjølv om regjeringa og KS er samde om dei totale kostnadene, og at ein totalt sett har kompensert for alle utgiftene, er dei begge tydelege på at det kan vere enkeltkommunar som har fått for lite.

– Det kan òg hende at nokre kommunar har fått meir å rutte med. Men vi skal vere klar over at alle kommunar kjenner på ein krevjande økonomisk situasjon, uavhengig av korona, seier styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram, til NTB.

KS har bede regjeringa om å setje av litt meir pengar enn den totale utrekninga av kostnadene, nettopp for å vere heilt sikker på at ingen kommunar går i minus.

– Det er vanskeleg å få det heilt presist, og det er ei fattig trøyst for dei som taper, at kanskje naboen har fått litt meir. Det hadde nok vore klokt å ha litt ekstra i potten, sånn at ingen vart sitjande igjen med ein kjempevanskeleg situasjon, seier han.

Astrup seier at han tek imot forslaget, men vil førebels ikkje love nokon meir pengar.

Samansett

Årsaka til koronatapet til kommunane er samansett. Mellom anna mista dei inntekter frå foreldrebetaling, då skule og barnehagar stengde. Hovuddelen av tapet frå fylkeskommunane dreier seg om billettinntekter i kollektivtrafikken, som forsvann då folk mellom anna sette seg på heimekontor.

I tillegg er det venta at sektoren får mindre skatteinntekter enn dei rekna med før pandemien.

Regjeringa vil bruke rapporten som grunnlag for ekstraløyvinga til kommunesektoren – eller tilleggsnummeret til statsbudsjettet – som kjem i november. I første omgang skal dei løyve pengar for halve 2021, men ser det an for resten av året sidan situasjonen er så uviss.

I utgangspunktet var det planlagt at arbeidsgruppa skulle levere sluttrapport innan 1. april neste år. Det er no endra til at gruppa i staden leverer endå ein delrapport i april og held fram arbeidet ut året.

Det er allereie lagt fram fleire tiltakspakkar retta mot kommunane, og så langt har sektoren fått over 20 milliardar kroner.


(©NPK)