KS seier blankt nei til å skrote nærskuleprinsippet

Regjeringa vil nekte fylke å bruke nærskuleprinsippet i opptak til vidaregåande skule og vil ha KS med seg på å lage ny opptaksordning. Uaktuelt, svarer KS.
Innenriks

Regjeringa ber Utdanningsdirektoratet lage ein ny modell for opptak til vidaregåande skule. Korleis den skal sjå ut er ikkje klart, men regjeringa seier ho vil gi elevane større valfridom. Og fylka skal ikkje kunne velje ordningar som baserer seg på eit nærskuleprinsipp.

Det vidare arbeidet skal gjerast i tett dialog med KS og fylkeskommunane, melde regjeringa søndag, og forslaget skal leggjast fram til våren.

Klar melding til regjeringa

KS takkar for invitasjonen til å bidra, men har ei klar melding til regjeringa:

– Det er ikkje aktuelt for KS å stille seg bak det forslaget som regjeringa endeleg vil fremje, dersom det som no står i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet blir lagt til grunn, seier styreleiar Bjørn Arild Gram i KS.

Han seier at KS gjerne samarbeider med statlege styresmakter om faktagrunnlag for ein ny modell, men understrekar at organisasjonen meiner det er dei folkevalde i fylka som bør få bestemme kva slags inntaksordning dei skal ha.

Ber KS sjå på invitasjonen

Høgres skulepolitiske talsperson, Kent Gudmundsen, synest ikkje det er overraskande at KS forsvarar sjølvstyret i kommune. Han meiner samtidig at «noen må forsvare alle elevers grunnleggende rett til å kunne velge egen skolegang».

– Forslaget frå regjeringa inviterer til stort spelerom regionalt og er dermed godt balansert mellom rettane til elevane og moglegheitene frå fylkeskommunane for styring av inntakssystemet, seier Gudmundsen til NTB.

Han ber KS til å sjå nærare på invitasjonen.

– Det vil verke temmeleg merkeleg om KS si kampsak er retten til å kunne tvinge elevar til å gå på skulen dei tilfeldigvis bur nærast, seier Gudmundsen.

Leiaren for utdannings- og forskingskomiteen, Frps Roy Steffensen, meiner på si side at ein ikkje treng å ha med KS i arbeidet vidare.

– På Stortinget er det fleirtal for å skrote nærskuleprinsippet. Om KS ikkje ønskjer å bidra til å finne best mogleg løysing innanfor det stortingsfleirtalet ønskjer, er det heilt greitt. Med færre folk i rommet går jobben raskare, så eg tilrår statsråden å ikkje bruke lang tid på å prøve å overtale dei, seier Steffensen til NTB.

– Useriøst

Nærskuleprinsippet inneber at opptaksordninga legg til rette for at alle som ønskjer å gå på ein skule i nærområdet sitt, får moglegheit til det.

Både Vestland og Vestfold og Telemark har nyleg vedteke eit nærskuleprinsipp, slik at inntaket ikkje berre blir basert på karakterar. Andre fylke som har vedteke ei form for nærskuleprinsipp, er Viken, Agder, Innlandet, Nordland, Trøndelag, og dessutan Troms og Finnmark.

Leiaren i utdanningsforbundet Steffen Handal meiner regjeringa er useriøs når den kjem med eit slikt forslag.

– Eg meiner regjeringa vel å overkøyre fylkeskommunane, og at dei her behandlar eit komplisert og vanskeleg tema med ideologiske skylappar, seier han.

– Vi lever i eit langstrekt land der det er ulike føresetnader for struktur og fagtilbod ved dei vidaregåande skulane i ulike regionar, seier Handal.

Fryktar B-skular

Skolenes landsforbund, som er ein del av LO og organiserer lærarar og skuleleiarar, meiner dei sterkaste elevane vil komme best ut av det regjeringa kallar fritt skuleval, medan dei sårbare elevane blir taparane. Det kan føre til A- og B-skular, fryktar organisasjonen.

Den raudgrøne opposisjonen har gjort det klart at dei vil stoppe endringane dersom dei får makta ved valet neste haust.

– Regjeringa ønskjer at elevar skal ha større moglegheit til å velje kva for ein vidaregåande skule dei skal starte på enn dei har i dag, sa kunnskapsminister Guri Melby (V) i pressemeldinga som vart sendt ut søndag kveld.

Her heiter det at fylka vil få moglegheit til å fastsetje eigne inntaksområde. Kostnader til skyss, behov for elevbustader og skulestruktur er blant tinga Utdanningsdirektoratet får i oppdrag å sjå på.

Regjeringa ønskjer å vedta endringane i opptaksordninga til våren, og at dei då vil gjelde for elevar som byrjar på vidaregåande hausten 2022.



(©NPK)