Rekordstart på julehandelen

Vi handla for 18,8 prosent meir i veke 47 enn på same tid i fjor, viser førebelse resultat frå julehandelen på kjøpesenter.
Innenriks

– Dette er eit resultat av dei enorme verdiane vi får av den mellombelse grensehandelsstoppen, stopp i tenestekonsumet og at nordmenn tek ansvar for smittevernet gjennom å byrje julehandelen tidleg, seier Harald Jachwitz Andersen, direktør for Virke Handel.

Dei førebelse resultata frå Virkes julehandelsstatistikk, utarbeidd av Kvarud Analyse, viser at dei fysiske butikkane har hatt ein samla vekst på 8 prosent dei tre første vekene av november.

Butikkane innan hus og heim har hatt størst omsetningsauke med 44 prosent.

− Resultata tyder på at vi i år brukar ekstra mykje på å gjere det koseleg i hus og heim til jul, seier Andersen.

(©NPK)