Utdanningsdirektoratet tilrår å avlyse skriftleg eksamen for 10. trinn og vidaregåande

Utdanningsdirektoratet meiner skriftleg eksamen i grunnskulen og vidaregåande skule må avlysast på grunn av koronasituasjonen, melder Framtida.no.
Innenriks

Lokalt kan det bli aktuelt med munnleg eksamen, men direktoratet tilrår at også desse eksamenane blir avlyste.

Dette kjem fram i eit notat til Kunnskapsdepartementet frå divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug og avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen som Framtida.no har fått tilgang til.

Hovudårsaka til at eksamen blir rådd mot, er at det er så stor forskjell på undervisningstilbodet elevane får.