Semje på Stortinget om ny regulering av pensjon

Stortinget går inn for eit nytt system der pensjonane skal regulerast som eit snitt av pris- og lønnsvekst. Det skal sikre pensjonistane betre i dårlege tider.
Innenriks

Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget gjekk onsdag einstemmig inn for det nye systemet, som inneber at løpande pensjonar frå 2022 skal regulerast med gjennomsnitt av pris- og lønnsvekst.

Dermed blir det slutt på dagens system der pensjonane blir underregulerte med 0,75 prosent samanlikna med lønnsmottakarane. Dagens reguleringsmetode har gjort at pensjonistane har hatt ein negativ reallønnsvekst i fleire av åra etter oljekrisa i 2015. Den nye utrekningsmodellen vil sikre at pensjonistane ikkje går i minus så lenge ikkje lønnsmottakarane gjer det.

Det er òg fleirtal for at pensjonistane skal kompenserast for differansen mellom nytt og gammal system i trygdeoppgjeret i 2020. Kompensasjonen skal leggjast inn i årets trygdeoppgjer.

– Uverdig

Det er SV og Frp som har vore initiativtakarar til det nye pensjonsforliket.

– Endeleg får vi gjort noko med den uverdige behandlinga av pensjonistane i landet. På grunn av pensjonsreforma, som Frp stemde mot, har pensjonistane fått stadig mindre igjen for pengane sine, medan folk flest har fått betre kjøpekraft. No skal ikkje pensjonistane lenger stå igjen som taparane, seier Frp-leiar Siv Jensen i ei pressemelding.

– Vi er fornøgd med å ha fått ein ny og meir rettferdig regulering. Dessutan er vi spesielt fornøgd med fleirtal for at pensjonistane skal få kompensert for tapt kjøpekraft i 2020, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Frp sikra i forhandlingar om statsbudsjettet med regjeringspartia i fjor haust regulering med snitt av pris og lønn for 2021.

Nei til minstepensjonsløft

Fleirtalet seier samtidig nei til det andre hovudgrepet i SV og Frps pensjonsforslag – å løfte minstepensjonistane over EUs fattigdomsgrense, som i dag ligg på rundt 247.000 kroner.

Aps arbeidspolitiske talsperson Rigmor Aasrud seier Ap ikkje kunne støtte forslaget fordi det ville innebere at veldig mange då ikkje lenger ville ha moglegheita til å gå av med pensjon ved fylte 62 år.

Aasrud seier fleirtalet ønskjer å løfte minstepensjonistane, men vil vente på det regjeringsoppnemnde pensjonsutvalet som skal levere tilrådingane sine neste år.

– Vi må vere sikre på å ikkje gjere endringar som får uheldige konsekvensar for andre grupper, seier Aasrud.

Fleirtalet støttar heller ikkje forslaget om å gi Pensjonistforbundet plass i Det tekniske berekningsutvalet (TBU). Det er heller ikkje fleirtal for at pensjonistorganisasjonane skal få forhandle om ein pott beståande av mellomlegget mellom lønnsveksten og gjennomsnittet av pris- og lønnsveksten dei åra det er eit positivt beløp, med mål om å løfte minstepensjonistane.

– Forhandlingsrett utan innhald

– Det er derimot fleirtal om eit forhandlingsprinsipp, som inneber at pensjonistorganisasjonane skal få setje seg rundt bordet med regjeringa og forhandle om ulike tema dei er opptekne av, som til dømes støtte til auka IKT-kompetanse eller andre ting, seier Aasrud.

Erlend Wiborg (Frp) meiner Ap og regjeringspartia her held pensjonistane for narr.

– Det finst allereie i dag ein drøftingsrett. No endrar dei namnet på det til forhandlingsrett, men utan å fylle det med innhald eller pengar, seier Wiborg til NTB.

Det er òg semje om å flytte trygdeoppgjeret tilbake til Stortingets vårsesjon, slik at det ikkje blir behandla i haustsesjonen som i dag.

Frp og regjeringspartia vart i helga òg samde om å innføre pensjon frå første krone – som i fleire år har vore eit svært viktig krav frå dei raudgrøne partia. Frp og forslaget frå regjeringspartia skil seg noko frå dei raudgrønes forslag ved at dei vil vente med å innføre ordninga til 2023, og ved at dei ønskjer at bedriftene skal kompenserast økonomisk i ein overgangsperiode.

(©NPK)