Ekspertutval foreslår å greie ut ny sjukelønnsordning – LO seier nei

Eit utval leidd av Steinar Holden går inn for ei ny sjukelønnsordning der bedriftene tek 10 prosent av rekninga etter tre månader.
Innenriks

Det er det såkalla sysselsetjingsutvalet, leidd av økonomiprofessor Steinar Holden ved UiO, som foreslår endringane.

Utvalet la torsdag fram delrapport nummer to frå arbeidet sitt, som har gått føre seg over fleire år. Både fagekspertar og partane i arbeidslivet har vore med i drøftingane.

– Utvalet har ei rekkje forslag knytt til kompetanse, aktivitet og inntektssikring, men peikar samtidig på at auka sysselsetjing berre kan skje i kombinasjon med ei god utvikling i norsk økonomi, seier utvalsleiar Holden i ei pressemelding.

Dette er hovudpunkta som utvalet ønskjer at skal greiast ut om ny sjukelønnsordning:

* Det skal ikkje innførast karensdagar. Sjukelønn skal gjelde frå dag éin.

* Arbeidsgivar skal betale for dei første tolv dagane. I dagens system er arbeidsgivarperioden på 16 dagar. Deretter betaler staten fram til det er gått tre månader.

* Etter tre månader skal arbeidsgivar ta 10 prosent av kostnaden.

Legg vekk forslag om sjukelønnskutt

Forslaget betyr at utvalet går vekk frå modellen som vart presentert i første delrapport i 2019.

I første delrapport vart det foreslått å kutte sjukelønna til 80 prosent etter seks månaders sjukmelding. Denne modellen vart sterkt kritisert av organisasjonane på arbeidstakarsida. Holden peikar på at det heller ikkje lét til å ha særleg politisk støtte, og at utvalet derfor la vekt på å komme fram til noko det var realistisk å komme til semje om.

– Målet mitt har vore å komme fram til eit godt forslag som faktisk kan bli gjennomført, seier han.

Hovudorganisasjonen Virke meiner det er skuffande og uheldig at utvalet la frå seg forslaget om kutt i sjukelønn. Skal ein komme langtidssjukefråvær til livs, må ein ny modell byggje på at både arbeidsgivarar og arbeidstakarar godtek forpliktande endringar, meiner administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

– Vi meiner det er på høg tid å endre sjukepengeordninga. Dessverre er dette forslaget ubalansert, uføreseieleg og for defensivt. Det høge sjukefråværet er ei felles utfordring og eit felles ansvar. Verksemdene er villige til å bidra, men då må dei tilsette òg bidra med ein eigendel, seier Horneland Kristensen.

Splittar arbeidstakarsida

I arbeidet med delrapport to har partane i arbeidslivet vore direkte involvert i samtalane. LO har teke dissens òg på den nye sjukelønnsmodellen som no blir foreslått. Men modellen får støtte frå Unio, YS og Akademikerne.

Den nye modellen skal gi bedriftene eit sterkare økonomisk insentiv til å følgje opp og leggje til rette for langtidssjukmelde tilsette, slik at desse kan komme i jobb igjen.

– Langtidsfråværet er svært høgt i Noreg. Vi er nøydde til å sjå på nye løysingar som kan bidra til at færre blir langtidssjukmelde, og at fleire kjem tilbake i jobb etter sjukdom, seier YS-leiar Erik Kollerud i ei pressemelding.

– For oss handlar det om å skape eit godt arbeidsliv for fleire, betre inkludering og at færre blir uføre.

LO bekymra

LOs bekymring er at forslaget forstyrrar balansen i sjukelønnsordninga.

I dissensen kjem det fram at LO meiner det nye forslaget «med høy sannsynlighet» vil gjere det vanskelegare å inkludere utsette grupper i arbeidslivet. LOs frykt er at ein terskelen for å tilsetje personar med helseplager vil bli høgare når bedrifta må ta ein del av rekninga for sjukepengar ved langtidsfråvær.

LO trur òg endringane kan føre til eit hardare og meir ekskluderande arbeidsliv for eldre kvinner.

I rapporten frå sysselsetjingsutvalet blir det presisert at modellen som blir foreslått, no bør greiast ut nærare.

– Allereie før koronapandemien såg vi nokre urovekkjande trekk ved den norske arbeidsmarknaden. Koronakrisa forsterkar desse utfordringane. Det som blir viktig no, er både å ta Noreg trygt ut av koronakrisa og samtidig ruste oss for tida etterpå, slik at så mange som mogleg får delta i arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

(©NPK)