Salet av Bergen Engines vart ikkje vurdert etter sikkerheitslova

Sidan Bergen Engines ikkje er underlagt sikkerheitslova, vart heller ikkje salet til russiske TMH International vurdert etter reglane om eigarskapskontroll.
Innenriks

Det er svaret forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) gir på spørsmål frå stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl (Sp), skriv NRK. Mehl bad statsråden svare på korleis den norske motorfabrikanten, som er leverandør til det norske Forsvaret, kan bli selt til russiske interesser.

Bakke-Jensen svarer at Bergen Engines ikkje er underlagt sikkerheitslova, og at reglane om eigarskapskontroll derfor ikkje kjem til bruk. Han viser til at Bergen Engines er underleverandør til selskapet Vard, der Forsvaret gjennomfører eit tryggleiksgradert innkjøp av nye kystvaktfartøy. Det er Forsvarsmateriell (FMA) som handterer sjølve innkjøpet, medan vedlikehaldet blir teke vare på gjennom Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO).

– Forsvaret vurderer

– Både FLO og FMA gjer vurderingar av korleis salet vil påverke vedlikehald, kontraktar og framtidige leveransar der Bergen Engines AS no er underleverandør, skriv Bakke i svaret til Mehl, og legg til at han ikkje vil forskotere utfallet av desse vurderingane.

Det har vekt betydeleg oppsikt i det politiske miljøet at Bergen Engines, som utviklar motorar til tog og skip og har det norske Forsvaret som ein av sine største kundar, er selt til russiske TMH International. Fabrikken er i dag eigd av britiske Rolls-Royce, som for eitt år sidan bestemde seg for å selje verksemda.

Emilie Enger Mehl (Sp), som stilte spørsmålet om ikkje salet av Bergen Engines hadde vore vurdert etter føresegnene i sikkerheitslova, er sterkt kritisk til forklaringa frå Bakke-Jensen.

Strid med norske interesser

– Når skal sikkerheitslova hjelpe oss med å verne eigne interesser om det ikkje kan nyttast i denne saka? Her er vi i ein situasjon der russarar kan få ansvar for service og vedlikehald på motorar om bord i Marjata, eitt av dei viktigaste etterretningsfartøya våre, og dessutan i kystvaktskipa våre, seier Mehl til E24.

Ho meiner salet openbert er i strid i med norske interesser at regjeringa er nøydd til å gripe inn og stanse salet. Slik kommenterer ho spørsmålet om kva Senterpartiet tenkjer om at Framstegspartiet vurderer mistillit som følgje av saka:

– Vi har ikkje behov for å verne om nokon statsrådar.


(©NPK)