Fallande aborttal i 2020 – aldri vore så lågt

I fjor var det 11.081 svangerskapsavbrot. Det er det lågaste talet nokosinne, viser tal frå Abortregisteret.
Innenriks

Det har ein tydeleg samanheng med koronapandemien, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på nettsidene sine.

Det vart registrert 11.081 svangerskapsavbrot i 2020. Så lågt har aldri talet vore før. Til samanlikning var talet 14.675 i 2000.

– Hovudsakleg kjem nedgangen i talet på svangerskapsavbrot av at færre aborterer i aldersgruppa under 25 år, men det er ein fallande tendens i alle aldersgrupper, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret.

(©NPK)