Nordland ein førebels vinnar i Nasjonal transportplan

Allereie er det avslørt prosjekt for over 130 milliardar kroner i Nasjonal transportplan. Nordland fylke får to nye flyplassar og ei rekkje andre prosjekt.
Innenriks

Allereie 3. mars kunne statssekretær og nordlending Ingelin Noresjø (KrF) i Samferdselsdepartementet stadfeste at regjeringa løyver over tre milliardar kroner til ny flyplass i Bodø.

Når Nasjonal transportplan (NTP) blir lagd fram fredag 19. mars, vil han ifølgje Noresjø innehalde 2,5 milliardar kroner til sjølve flyplassen, 350 millionar for å flytte helikopterredningstenesta, og 274 millionar til å byggje ny tilkøyringsveg.

Den nye flyplassen skal liggje på området som fram til no har husa Bodø flystasjon, medan det gamle flyplassområdet skal bli til ein ny bydel.

Det er meininga at Bodø kommune og Avinor skal stå for dei resterande 2,5 milliardar kronene som utgjer kostnaden, ifølgje Avinors forprosjekt.

Jubel for Narvik og Rana

I tillegg er det klart at regjeringa vil løyve 1,8 milliardar kroner til ny storflyplass i Rana kommune. Det vart kjent 5. mars, berre to dagar etter at ein rapport frå Oslo Economics på oppdrag frå Avinor konkluderte med at flyplassprosjektet på Hauan vil gi eit tap på 1 milliard kroner i netto noverdi.

Også storflyplassen i Bodø er i ein Holte Consulting-rapport frå juni 2020 rekna som samfunnsøkonomisk ulønnsam.

Det er likevel ikkje berre flyplassar Nordland kan sjå fram til i NTP. Narvik kommune har særleg stor grunn til å vere fornøgd, skreiv NRK 11. mars.

Byen får til saman 1,1 milliardar kroner til dei tre prioriterte prosjekta sine. Kryssingssporet på jernbanestasjonen i byen blir forlengt, og godsterminalen skal utvidast.

I tillegg skal det setjast av 200 millionar kroner til ein ny 1,3 kilometer lang tunnel under byen, slik at E6 ikkje lenger går gjennom sentrum. Svevestøv frå dei nesten 500 vogntoga som passerer gjennom byen dagleg, har gjort at barn og folk med helseutfordringar i periodar ikkje har klart å opphalde seg i Narvik sentrum.

Vegopprustingar og hamneutbetring

I Vesterålen har regjeringa lagt fram forslag for Stortinget om å byggje den såkalla Hålogalandsveien.

Prosjektet, som er berekna til å koste 9,2 milliardar kroner, vil medføre utbygging av E10 over 82 kilometer mellom Tjeldsundbrua i Troms og Langvassbukt i Sortland i Nordland. Vegen skal kutte reisetid langs strekninga med nesten 40 minutt, skriv regjeringa.

I Saltdal kommune skal E6 mellom Sørelva og Borkamo bli rusta opp for ein milliard kroner, skriv Avisa Nordland.

Langs kysten skal fiskerihamnene på Værøy og Røst få 539 millionar kroner til utbetring, skriv Lofotposten.

Vesterålen Online skriv at Andenes hamn i Andøy kommune skal få ytterlegare 440 millionar.

(©NPK)