Kraftverk lèt vatn renne forbi for å sleppe skatt

Eit kommunalt eigd kraftverk i vestlandskommunen Gloppen har nedskalert drifta sidan det lønner seg økonomisk. Dermed går dei glipp av 20 gigawattimar.
Innenriks

Kraftverket har nedskalert drifta så grunnrenteskatten ikkje blir overskriden, skriv NRK.

Styreleiar Per Jarle Myklebust i Gloppen Energi seier at dei kunne produsert 20 gigawattimar meir, men at det ikkje ville vore lønnsamt.

Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad meiner dagens sats for grunnrenteskatt får «paradoksale følgjer i ei tid der vi treng meir straum».

– Vi debatterer vindkraft og det grøne skiftet, og då kan vi ikkje på same tid leggje avgrensingar på den krafta vi kan produsere! seier han.

(©NPK)