Bollestad: Vi et ikkje for mykje kjøtt

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) slaktar MDGs forslag om å halvere norsk kjøttforbruk.
Innenriks

I utkastet til MDGs nye partiprogram står det at partiet skal ha som langsiktig mål å halvere kjøttforbruket til nordmenn. Det får landbruksminister Bollestad til å reagere.

– Vi et ikkje for mykje kjøtt. Og i store delar av landet er det berre kjøtt vi kan lage, seier landbruksministeren.

– Ei halvering av norsk kjøttforbruk vil føre til at mange bønder må slutte med matproduksjon, og at vi må importere meir mat. Det er feil veg å gå, skriv Bollestad i Nationen.

– I snitt et vi nordmenn i dag omtrent så mykje kjøtt som kosthaldsråda tilseier. Nokon et for mykje, og bør redusere litt. Andre kunne kanskje ete litt meir. For dei aller fleste av oss vil kjøtt vere ein naturleg del i eit sunt og berekraftig norsk kosthald, også i framtida, skriv ho.

Forslaget blir behandla på MDGs landsmøte fredag. Oslo MDG vil at målet skal nåast innan ni år. Saman med Grøn Ungdom foreslår dei ein sluttdato for halveringa av kjøttforbruket til 2030. I tillegg vil Grøn Ungdom forby all kjøttreklame.

MDG skal nå målet ved å doble momsen på kjøtt, og innføre ei eiga kjøttavgift, ifølgje Klassekampen.

(©NPK)