No kan alle vidaregåandeelevar få rett til å fullføre utdanninga

I dag er hovudregelen at vidaregåandeelevar skal fullføre skulen innan tre år. I den nye Fullføringsreforma foreslår regjeringa å fjerne tidsavgrensinga.
Innenriks

– Dette er dei største endringane i vidaregåande skule sidan 1990-talet, sa statsminister Erna Solberg (H) då den nye reforma vart lagt fram.

Den har tre hovudtrekk: Alle får rett til å fullføre vidaregåande, òg som vaksne, det skal frå første skuleår jobbast med elevar som slit for å få dei gjennom skuleløpet og yrkesfag får ei eiga satsing med læreplassrett og moglegheit til å ta fleire fagbrev.

– Med utvida rett til vidaregåande vil fylkeskommunane og skulane få betre moglegheiter til å ta eit større ansvar for dei elevane som ikkje lykkast med å bestå eitt eller fleire fag på første forsøk, men også til å lage betre tilpassa opplæringsløp frå starten av, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Frå privatist til elev

Ifølgje Statistisk sentralbyrå mistar inntil 5.500 elevar retten til offentleg finansiert vidaregåande opplæring kvart år.

I dag må mange av desse elevane melde seg opp til privatisteksamen. No vil dei i staden ha rett til meir opplæring i faga dei har stroke i, slik alle som byrjar i vidaregåande opplæring, får studie- eller yrkeskompetanse.

Regjeringa vil òg gi skulane plikt til å følgje opp elevar som står i fare for å ikkje bestå fag, slik ein har i grunnskulen.

– Elevar som likevel stryk, skal få rett til meir opplæring i faget slik at dei kan fullføre og bestå, seier Melby.

Får kritikk

Reforma blir motteken med blanda kritikk frå Utdanningsforbundet og Norsk Lektorlag.

Utdanningsforbundet meiner reforma kan ende opp som tomme ord dersom det ikkje blir lagt betydelege pengesummar på bordet.

– Utvida rettar for elevane, betre moglegheit til fagleg fordjuping og eit tydelegare skilje mellom grunnskule og vidaregåande opplæring. Alt dette er positivt. Men det er ikkje like enkelt å sjå korleis tiltaka i meldinga skal sikre at vi kjem dit, seier Thom Jambakk, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet.

Lektorlaget peikar på si side på to klare manglar i reforma: At elevane må få tydelege forventningar om å kvalifisere seg, og at dei må ha lærarar med høg kompetanse i faga.

– Alle er samde i at fleire bør fullføre, men skal vidaregåande skule gjere elevane klare til jobb og studium, må elevane faktisk ha faglege føresetnader for å følgje undervisninga, seier Lektorlagets leiar Rita Helgesen.

Vil kutte fellesfag

Regjeringa vil kutte i talet på fellesfag.

– Alle skal framleis ha matematikk, norsk og engelsk, men vi ønskjer at elevane skal ha færre fag, for å gi rom for fordjuping. Dei skal få fordjupe seg meir i fag og tema som er meir relevante for den vegen dei har valt vidare og for talenta deira. Anten du er eit språk-, realfags- eller musikktalent, skal du få bruke meir tid på det du er god på, seier kunnskapsministeren.

Dei foreslår òg eit nytt fag om demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

– Dei skal lære å tenkje kritisk og få historisk og kulturell innsikt. Vi vil invitere fagfolk frå universitet og høgskular og lærarorganisasjonane til å vere med å utvikle det nye faget og til å diskutere korleis timeplanen til elevane skal sjå ut, seier Melby.

Innfører rett til læreplass

Yrkesfaga, der rundt halvparten av elevane går, får ei eiga satsing. Mangelen på læreplassar skal møtast med ein rett til læreplass, ikkje ein garanti slik til dømes Oslo har innført.

I 2020 stod 4.400 ungdommar utan læreplass.

– Når vi vil innføre ein rett til læreplass eller eit likeverdig tilbod, signaliserer vi til elevane at ein læreplass er målet, og at dei skal vere trygge på at dei kan fullføre og få eit fagbrev etter enda utdanning, seier Melby.

Virke er skeptisk til delar av dette forslaget, nemleg det som blir omtalt som eit likeverdig tilbod. Arbeidsgivarorganisasjonen meiner skulane ikkje kan gi eit tilbod som er likeverdig ein faktisk læreplass.

– Vi støttar tiltak som skal hjelpe fleire med å få læreplass, men vi stiller oss undrande til at regjeringa òg vil utvikle alternativ til læreplass. Ingen tilbod skulen kan gi, vil vere likeverdig med å få opplæring i bedrift som lærling. I kampen mot fråfall må vi knyte opplæringa tettare til arbeidslivet, ikkje motsett, seier Virke-direktør Ivar Horneland Kristensen,

(©NPK)