Opposisjonen gir strykkarakter til nytt «framtidsfag»

Forslaget til kunnskapsministeren om å kutte i fellesfaga og innføre eit nytt framtidsfag i vidaregåande skule møter djup skepsis i Stortinget.
Innenriks

I den nye fullføringsreforma går regjeringa inn for å skrote fleire av fellesfaga i vidaregåande skule.

Berre matematikk, engelsk og norsk blir skjerma.

Samtidig foreslår regjeringa eit heilt nytt fellesfag der elevane ifølgje kunnskapsminister Guri Melby (V) skal få kompetanse om demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte, og der dei skal lære å tenkje kritisk og få historisk og kulturell innsikt.

Utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Torstein Tvedt Solberg meiner det nye faget verkar som eit samansurium.

– Eg forstår veldig godt dei lærarane som har reagert på dette, seier Solberg til NTB.

– Det verkar veldig kaotisk. Og eg meiner vi politisk skal ha ein enormt høg terskel for å innføre noko heilt nytt i skulen som er så uklart definert.

«Leikegrind»

Skepsisen er også stor hos Framstegspartiet.

– Dette verkar meir som ei leikegrind for radikalarar og idealistar der moglegheita for politisk påverknad vil vere stor. Dette oppkonstruerte faget bør gå rett i makuleringsmaskina, seier Roy Steffensen (Frp), som er leiar for utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Parlamentarisk leiar for Senterpartiet Marit Arnstad meiner spørsmål som likestilling og demokrati er viktige tema. Men desse temaa høyrer heime i samfunnsfag og historie, meiner ho.

– Det at du skal gjere dette til eit fag åleine og så droppe historie og samfunnsfag som obligatoriske fag, det er heilt feil veg å gå.

Forvirring etter Melby-retrett

Frp har inntil vidare ikkje teke stilling til forslaget om å skrote fag som historie, religion, samfunnsfag, naturfag og geografi som fellesfag, og Steffensen opnar for å diskutere kva fag som skal vere med vidare.

Han stiller seg likevel spørjande til måten regjeringa har gått fram på i saka etter at Melby i helga gjekk ut på Facebook og beklaga at ho i eit VG-intervju fredag omtalte dei skrota fellesfaga som «mindre» fag, samtidig som Høgre-politikarar har sådd tvil om kor langt partiet eigentleg ønskjer å gå.

– Vi ser at store delar av baklandet i Høgre har brukt helga til å måpe og himle med auga i sosiale medium, og at statsråden allereie har måtta beklage bodskapen i VG-intervjuet der reforma vart lansert, seier han.

Solberg meiner regjeringspartia no bør avklare kva dei eigentleg meiner.

– Det verkar akkurat no som om det er ein stor intern splid i regjeringa, og regjeringa vinglar om kva dei eigentleg meiner om forslaget dei har lagt fram.

Skepsis til kutt i fellesfag

Ifølgje Solberg er det lite støtte å hente i Arbeidarpartiet for så store kutt i fellesfaga som det regjeringa legg opp til. I ei tid prega av klimaendringar og angrep på demokratiet er historie, samfunnsfag og naturfag tvert imot endå viktigare, slår Solberg fast.

– Vi er positive til å sjå på fag- og timefordelinga. Men den typen drastiske endringar som regjeringa foreslår, er vi veldig skeptiske til. Eg tenkjer det er feil veg å gå.

Arnstad er uroleg for at den vidaregåande skulen skal bli for einsidig studieførebuande.

– Det kan ikkje vere slik at den vidaregåande opplæringa berre skal vere eit venterom for høgare utdanning. Vidaregåande har ein allmenndannande funksjon, seier ho.

– Derfor er vi veldig kritiske til at dei vil fjerne så mange fellesfag som regjeringa tek til orde for.

(©NPK)