Biskop vil ikkje ha oppdrettsanlegg ved «heilag» øy

Bjørgvin-biskopen fryktar planane om oppdrett ved øya Selja i Stad. – Få i vår tid har Jesu evner til å mette 5.000 menneske med to fisk, svarer ordføraren.

Kloster: Ruinane etter Selje kloster ligg på øya Selja i Stad kommune. No vurderer kommunen om det skal kunne leggjast eit oppdrettsanlegg utanfor øya.  Foto: NTB

Innenriks

– Det vil utvilsamt forstyrre den visuelle horisonten rundt øya og dermed òg kunne øydeleggje noko av den unike opplevinga ein kan få der, skriv Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug i eit brev til Stad kommune, ifølgje Fjordenes Tidende.