Forsvarsministeren fekk Bergen Engines på bordet i midten av januar

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seier han fekk vite om Bergen Engines-saka i midten av januar.
Innenriks

Forsvarsministeren vart onsdag hardt pressa om Bergen Engines-saka då han deltok i munnleg spørjetime på Stortinget.

SVs partileiar Audun Lysbakken viste til ein dialog på Facebook Messenger som Stortinget har fått innsyn i. I samtaletråden, som gjekk mellom ein tilsett i Bergen Engines og ein fagdirektør i Utanriksdepartementet, kjem det fram at den tilsette allereie 29. januar vart forsikra av fagdirektøren om at Noreg ikkje kom til å stanse salet av Bergen Engines til det russiskkontrollerte selskapet TMH International.

Lysbakken ville ha svar på om Bakke-Jensen fekk saka på bordet sitt før meldinga vart send.

– Eg fekk vite om saka i midten av januar, før den 29., stadfesta Bakke-Jensen.

23. mars stansa regjeringa likevel salet av Bergen Engines.

Aps Jette Christensen kritiserer regjeringa for svak tryggingskultur.

– Dette er ein studie i dårleg handtering, rotete bruk av sikkerheitslova, svak koordinering mellom departementa og eit slags NM internt i regjeringa om å skulde på embetsverket når ting går gale, sa ho i spørjetimen.

Facebook Messenger-meldingane vart omtalte første gong av Bergens Tidende og E24.

(©NPK)