Tre av fire får igjen på skatten i år

Rundt 2,7 millionar skattytarar får igjen til saman 32,4 milliardar kroner i år. Det er fasiten når alle har fått skattemeldinga si.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB 

Innenriks

Mange betalte litt for mykje skatt i fjor, ifølgje Skatteetaten. Dei som har gjort det, kjem til få tilbake i gjennomsnitt 12.000 kroner kvar, viser fasiten når alle skattemeldingane no er sende ut til alle rundt 5 millionar skattytarar.

Samtidig viser dei førebelse tala at kvar fjerde skattytar betalte inn for lite skatt i fjor. Éin million personar får restskatt på til saman 24,3 milliardar kroner, ifølgje Skatteetatens førebelse tal. Det er rundt 180.000 fleire personar med restskatt enn i fjor.

Pengane kjem snart

Skatteoppgjeret kan komme mellom slutten av mars og slutten av oktober, men skattedirektør Nina Schanke Funnemark fortel at dei fleste lønnstakarar og pensjonistar vil få skatteoppgjeret sitt i april, mai eller juni.

– Leverer du og eventuell ektefelle den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret med pengar på konto innan eit par veker etter at du har sendt den inn, seier ho.

Skatteetaten oppmodar alle om å gå nøye gjennom tala og kontrollere at dei førehandsutfylte opplysningane er korrekte.

Fristen nærmar seg

– Dersom du ikkje leverer skattemeldinga, men lèt ho blir levert automatisk ved fristen, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Får du skattemeldinga di på papir og nyttar deg av leveringsfritak, kjem skatteoppgjeret i august, forklarer Funnemark.

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.