Støre vil flytte lesesalen ut i distrikta

Arbeidarpartiet går inn for lokale utdanningssenter for å fylle hola i kartet for høgare utdanning.
Innenriks

Desentralisert utdanning.

Det er nøkkelomgrepet for satsinga som partileiar Jonas Gahr Støre no varslar før Arbeidarpartiets landsmøte.

– Vi ser at universiteta våre ikkje når heilt ut med tilboda sine, og mange stader er det langt til campus, seier Støre til NTB.

For å bøte på dette går Arbeidarpartiet no inn for å etablere lokale utdanningssenter der det kan tilbydast utdanning utanom dei etablerte høgskulane og universiteta.

– Dei skal etablerast der universiteta og høgskulane ikkje dekkjer lokale og regionale behov for utdanning, seier Støre.

Vil forhindre fråflytting

Arbeidarpartiets forslag er at dei nye utdanningssentera skal eigast av fylket og finansierast av staten.

Støre forsikrar om at sentera ikkje skal komme i konkurranse med eksisterande lærestader. Men det er universiteta og høgskulane som må stå for undervisninga ved sentera. Samtidig skal partane i arbeidslivet trekkjast inn.

Formålet med sentera er å kunne tilby folk utdanning der dei bur. På den måten vil Arbeidarpartiet forhindre at folk i distrikta flyttar heimanfrå for å studere, for så aldri å vende heim igjen.

Senter av denne typen er allereie oppretta fleire stader, mellom dei i Kristiansund, i Kongsvinger og i Tana, påpeikar Støre.

– Dette er viktig for å tette hol i utdanningskartet vårt og gjere utdanning meir tilgjengeleg nær der folk bur, forklarer han.

– Så må vi frå regjeringsposisjon greie ut dette detaljert.

Vil satse på nettutdanning

Støre er samtidig tydeleg på at nettbasert undervisning blir ein viktig del av pakken.

I utkastet til partiprogram for kommande stortingsperiode, som skal opp til behandling på landsmøtet til helga, blir det varsla at Arbeidarpartiet vil satse på fjernundervisning og modulbasert nettutdanning som kan takast i heile landet.

– Men nett opphevar ikkje behovet for fysisk nærvær, understrekar Støre.

– Det må vere nokre fysiske samlingsstader, både for å kunne gjere den delen av opplæringa som treng fysisk nærvær, men òg fordi det har ein sosial dimensjon.

(©NPK)