Støre stadfestar fri abort til veke 18

Laurdag avviste partileiar Jonas Gahr Støre at Arbeidarpartiets landsmøte hadde vedteke fri abort til veke 18. No gjer han retrett.
Innenriks

I eit intervju med VG stadfestar Støre at landsmøtevedtaket betyr at Arbeidarpartiet går inn for fri abort til 18. svangerskapsveke.

– Vi skal sikre trygg oppfølging og medisinsk rettleiing for dei som ønskjer abort mellom veke 12 og veke 18, men det er sjølvråderetten til kvinna som skal gjelde, seier Støre til VG.

På direkte spørsmål om dette betyr fri abort til veke 18, svarer Støre slik:

– Ja, eg ser på at sjølvråderett er å understreke det som har lege til grunn for abortkampen: Kvinna tek avgjerda.

Avklaringa kjem etter at Støre på ein pressekonferanse laurdag nekta å bruke omgrepa «fri abort» eller «selvbestemt abort» om det landsmøtet hadde gått inn for.

Landsmøtet vedtak lyder slik:

«Arbeiderpartiet vil avvikle nemndsystemet i abortloven mellom uke 12 og 18 og utrede et alternativ med trygg oppfølging og medisinsk veiledning mellom uke 12 og 18. Kvinnens selvbestemmelse skal sikres.»

I dag er det sjølvbestemd abort til veke 12. Etter det må ei nemnd, beståande av to legar, avgjere søknaden til kvinna om å avbryte svangerskapet.

(©NPK)