Erna Solberg opnar for å diskutere abortnemndene

Statsminister Erna Solberg (H) meiner dagens abortlov er god, men opnar for å diskutere rolla til abortnemndene.
Innenriks

Solberg seier dagens abortlov gir det ufødde liv eit gradvis større rettsvern utover i svangerskapet, skriv TV 2.

– Så kan ein godt diskutere om abortnemndene fungerer heilt godt, men å hive heilt ut dette gradvise rettsvernet for det ufødde liv, det synest eg er litt rart. Så for vårt vedkommande så meiner vi at abortlova bør stå sånn som den er i dag, seier statsministeren.

Noreg har i dag sjølvbestemd abort til og med 12. svangerskapsveke. Etter det blir vedtak om svangerskapsavbrot avgjort av ei nemnd, i samråd med kvinna.

– Det er eit system som ikkje er perfekt, og ein av dei tinga regjeringa har gjort er å få færre abortnemnder, sånn at det blir meir likebehandling mellom desse abortnemndene, seier Solberg.

Arbeidarpartiet, SV, MDG og Venstre ønskjer å fjerne nemndene. SV ønskjer sjølvbestemd abort til veke 22, medan dei tre andre vil ha det til veke 18.

(©NPK)