Mann tok med seg «klenodium» under tømminga av Helge Ingstad: Dømd for tjuveri.

Ein mann i 30-åra er dømd for tjuveri etter å ha teke med seg «klenodium» frå fregatten Helge Ingstad under tømminga av skipet.

Vart destruert: Vraket av KNM Helge Ingstad ble slept til Hanøytangen for destruering.  Foto: Marit Hommedal/NTB

Innenriks

Natt til 8. november 2018 vart fregatten Helge Ingstad påført enorme skadar etter å ha kollidert med lasteskipet Sola. Det vart etter kvart vurdert at skipet ikkje var til å redde, og det enda opp på Hanøytangen for destruksjon.

Før fregatten vart send dit, vart den slept til Haakonsvern militærbase for tømming av utstyr og eigedelar. I samband med oppdraget var ulike firma leigd inn for å hjelpe til med arbeidet.

Nyleg måtte ein mann i 30-åra, med tilknyting til eitt av selskapa, møte i Bergen tingrett tiltalt for grovt tjuveri ved å ha forsynt seg av militært materiell tilhøyrande Forsvaret, melder Bergensavisen.

Mannen vart dømd til 172 timars samfunnsstraff. Dommen omfattar òg bruk og oppbevaring av narkotika, og dessutan fleire tilfelle av heleri, bering av kniv, brot på våpenlova og køyring utan gyldig førarkort.