LO og NHO ber om krafttak for industri og klima

LO, NHO og fleire organisasjonar går saman om å be om ei opptrapping av energi- og klimainnsatsen her i landet.
Innenriks

Med på den nye energi- og industripolitiske plattforma som blir lansert onsdag, er òg Fellesforbundet, Industri Energi, El og IT Forbundet, Norsk olje og gass, Norsk Industri, Energi Norge og Nelfo.

– Vi treng eit grønt taktskifte, det er velkjent. Alle land trappar opp energi- og klimainnsatsen, og Noreg må henge med. Då må ein sjå energi- og industripolitikken som ein heilskap i større grad enn vi har gjort til no, seier Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

Felles plattform

Den felles plattforma trengst for å sikre at Noreg har eit berekraftig og konkurransedyktig næringsliv, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

– Vi har gode klyngjer, med innovative bedrifter og kompetente medarbeidarar. Då må vi leggje til rette for at dei framleis kan hevde seg på verdsmarknaden, seier ho.

LO-leiaren omtaler dette som eit «godt, gammaldags partssamarbeid» og viser til at organisasjonane har prøvd å teikne eit større bilete av dei utfordringane dei står overfor, og dessutan dei løysingane dei meiner trengst.

Andre trappar opp

Dei to viser til at Noreg har vore leiande på å kople industri, klima og kraft. Dei ser at landa rundt Noreg trappar opp innsatsen, samtidig som EUs klimamål og strategiar legg klare føringar for kva løysingar som vil etterspørjast dei neste tiåra.

– Sjølv om vi er godt posisjonerte, vil den omfattande energi- og klimaomstillinga som Europa legg opp til, ha stor betydning for ein eksportorientert energi- og industrinasjon som Noreg. Moglegheitene er store, men det føreset at vi gjer kloke og riktige val, seier NHO-direktør Almild.

Eksportgap

– Skal vi tette eksportgapet må vi vidareutvikle konkurransefortrinna våre, dei sterke klyngjene innan industri- og energi. Det er tid for eit krafttak for ny industrisatsing og klimaomstilling i Noreg, for å sikre eksport, arbeidsplassar og verdiskaping i framtida, seier LO-leiar Følsvik.

Dei to nemner åtte ambisjonar for framtida, mellom anna innan havvind, batteri, produksjon av hydrogen og ammoniakk, CO2-fangst, reduksjon i karbonintensitet, fornybarnæring og vasskraft og tydelege mål om energieffektivisering.

(©NPK)